onsdag 9. oktober 2013

Når enden er god, er allting godt




Med utsikt over Afrika

 No er det nesten to veker sidan eg kom tilbake til Noreg, og mykje har skjedd sidan eg omfamna kjærasten min på flyplassen. Eg har derimot ingen intensjonar om å fortelje dykk om alt eg har opplevd dei siste to vekene, men eg vil takke for meg ved å sjå tilbake på mine 6 veker i Ghana. Sjølv om eg ikkje har hatt veldig mykje tid til å reflektere over det eg har opplevd, har eg likevel fått litt avstand til opplevinga, noko som har gjeve meg eit litt anna perspektiv enn når eg var der nede.

Dei første dagane i Ghana syntes eg at alt var veldig nytt og spanande. Ingenting var som heime, verken maten, kulturen, luktene eller menneska.  Eg var eventyrlysten og ivrig etter å ta fatt på arbeidsoppgåvene som låg i vente. Det tok derimot ikkje lang tid før denne første ekstasen gjekk over til skepsis. Ting var ikkje som forventa på jobb og i huset eg budde. Ingenting skjedde som avtalt og eg opplevde at dei eg jobba med var ineffektive og lite strukturerte. I tillegg til utfordringane på jobb gjekk det no opp for meg at eg skulle bu i desse omgjevnadane i over ein månad til!

Bilete frå den første helga mi - alt var ein fryd!
Tanken på å ikkje føle seg ordentleg rein på meir enn 4 veker (fordi eg måtte dusje frå bøtte) høyres kanskje gale ut, men var på langt nær det som plaga meg mest. Å måtte leve i eit skittent hus, gå på gater som stinka kloakk, tilbringe 3 timar dagleg i den forferdelege trafikken, ete ris kvar dag, vakne fleire gongar om natta på grunn av leven, alt dette var ting som verkeleg kjentes som ein byrde i kvardagen. I tillegg til dette sakna eg trygge Noreg, familien min, vener og ikkje minst Johannes. Alle desse kjenslene kom skyljande over meg som ei bølgje og det var ei lita stund eg tenkte at eg berre skulle gje opp og dra heim. Etter å ha snakka med menneske rundt meg og tatt ein runde med meg sjølv, bestemte eg meg for å bli. Eg er ikkje ein som gjer opp.

Takka vere farmor som lærte meg å vaske tøy for hand, hadde eg reine klær i Ghana. 
Etter dette bestemte eg meg for å gjere noko med det eg ikkje trivdes med. Eg prøvde å påverke organiseringa og effektiviteten på jobb, eg fekk flytta til ein hyggeleg vertsfamilie som budde mykje nærmare jobb og eg begynte å utforske andre moglegheiter i matvegen. Resultatet av dette var at eg klarte å snu det eg hadde oppfatta som vanskeleg. Eg fekk meir overskot og etter kvart følte eg at det var eg som støtta dei rundt meg. No i etterkant ser eg at dette kanskje er noko av det viktigaste eg lærte i løpet av opphaldet. Evna til å halde ut og snu det som er destruktivt, det er eigenskapar eg heilt klart vil dra nytte av seinare i livet. Tusen takk til alle som støtta meg undervegs!


Ut over dette er det fleire andre tankar og erfaringar eg sit igjen med frå Ghana. Eg vil ikkje gå inn på alt her, då kunne eg nok ha skreve ei bok, men eg vil trekke fram ei hending som sette spor. Då eg var i Busua møtte eg to brødre som ville vise meg vegen til eit tidlegare slave-fort. I byrjinga syntes eg at dei var litt innpåslitne, men så bestemte eg meg for at dei skulle få vise meg vegen. Eg begynte å snakke med brødrene, som fortalde at dei var 6 og 15 år gamle. Det tok ikkje lang tid før eg forstod at dei ikkje hadde mykje her i verda, verken framtidshåp eller andre ting. Eg bestemte meg difor for å gjere den dagen til noko dei ville hugse. Eg kjøpte slippersar til den yngste guten som gjekk barbeint og har vart så glad! Han hadde i løpet av sitt seksårige liv aldri hatt sitt eige skotøy.

Vel inne på fortet vart vi fortald historier om korleis slavane vart behandla, då den minste guten brast i gråt på grunn av at det gjorde så sterkt inntrykk. Eg ville trøste han, og strekte ut hendene for å gje han ein klem, men guten visste ikkje kva han skulle gjere! Det at ein 6 år gammal gut ikkje visste korleis han skulle gje ein klem, gjekk meir inn på meg enn alle historiene om slavane. Då eg først fekk vist han korleis han skulle klemme, ville han ikkje sleppe taket.

Turen med dei to gutane enda med at eg kjøpte ein is til kvar av dei, som dei nøyt med eit smil om munnen. For min del enda det ikkje der. Inntrykka eg hadde fått i løpet av dagen svirra inni hovudet mitt. Tenk så utruleg heldig eg er som er født i Noreg! Det var heilt utenkeleg for meg at ein 6 år gamal gut aldri hadde hatt sko på beina. I Ghana forstod eg også at det ikkje er ei sjølvfølgje at ein kan lese og skrive. Det er så mange slike goder som er heilt grunnleggjande for oss i Noreg og som vi tek for gjeve, men som andre menneske berre kan drøyme om. Vi lever alle på den same jorda og under dei same stjernene, likevel har vi så forskjellige føresetnader og framtidsutsikter. Det som satt sterkast spor var likevel då eg forstod at ikkje alle opplever nærleik. Sjå for deg at du aldri har fått ein klem! Eg vert trist av å berre tenkje på det. Frå og med den dagen bestemte eg meg for å være flink til å vise at eg set pris på dei rundt meg og ikkje spare på klemmar. Å vere rik på nærleik og kjærleik er etter mi meining den viktigaste rikdomen ein kan ha. Dagen med dei to brørne blei nok minnerik for deira del, men kanskje aller mest for meg.

Ei kvit jente er ein attraksjon i seg sjølv for nyfikne elevar
Når folk no spør meg korleis det har vore i Ghana, svarer eg at det var ei fantastisk oppleving, men også utfordrande. Det var fantastisk i form av at eg fekk erfare korleis det er å leve og jobbe i eit heilt anna land, vart kjent med mange fantastiske menneske og fekk reist til flotte stader. Når nokon spør om eg ikkje var godt nok forberedt sidan eg syntes ting var vanskeleg, vil eg forsvare meg med å seie at ein kan forberede seg så godt ein kan, men ein klarer ikkje å forstå korleis det eigentleg er og korleis ein sjølv reagerer før ein står midt i det. Utfordringane som oppsto undervegs opplevdes vanskelege der og då, men i etterkant veit eg at eg har vokse mykje på å handtere dei. Eg er veldig takknemleg og litt stolt over det eg har gjort. Eg kjem alltid til å hugse turen til Ghana som eit spanande eventyr!

Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute… Takk for meg!

Slik kjem eg til å hugse Ghana: grønt, vakkert og kjekt!
Klem frå Karina Sofie <3 


torsdag 26. september 2013

Dei siste dagane i Ghana

Eg har det kjekt i kyrkja med vesle Louis på 7 månadar


Den siste dagen min i Busua ville eg utnytte så mykje som mogleg, og surfa ein del på trass av dei verkande skrubbsåra på beina. Til mi store glede følte eg at eg verkeleg begynte å få teken på å surfe, no kunne eg til og med svinge med brettet! Då eg skulle ta min siste tur ut i bølgene, kjente eg plutseleg kjente noko hardt som beit seg fast i foten min. Ei ilande smerte bredte seg igjennom kroppen og min første reaksjon var å slå til staden kor dyret beit. Det resulterte i at eg slo dyret bort, men eg fekk aldri sett kva som beit meg. Bittet viste seg å vere giftig og det gjorde så ubeskriveleg vondt i heile foten at eg gret i fleire timar etterpå. Det heile endte på det lokale sjukehuset kor eg fekk sprøyte med motgift og medisinar som gjorde at smertene gav seg etter kvart. Dagen etter reiste eg heim mot Accra då eg fekk omgangssjuke og eg måtte ta inn på eit hotell langs vegen. Ikkje at det hadde vore nøysamt med ei seng, for om natta skifta sjukdomen hamn og eg måtte på toalettet kvar time. Truleg var dette kroppen sin reaksjon på det som skjedde dagen i forvegen. Temmeleg dehydrert vart eg kjend med ein sjukepleiar som gav meg antibiotika og saltpulver til å ha i drikkevatnet mitt. Ho meinte eg var heldig som var i ein så god helsetilstand, for dei sjødyra her til lands ofte er veldig giftige. Så i følje ho har eg vore heldig i uhellet, sjølv om eg følte med som ein ullykkesfugl etter desse fæle hendingane!

Rett før paret vart mann og kone
Då eg kom heim om morgonen hadde eg berre tid til å ta ein rask dusj før vi skulle i bryllup. Eg hadde sett fram til denne dagen lenge, men akkurat då føltes det berre som ei byrde. Sjølve vigsla skulle byrje klokka 1, men til min store forbauselse var kyrkja nesten tom på dette tidspunktet. Etterkvart som klokka nærma seg halv to begynte rommet å fylle seg opp med folk og ein time seinare enn planlagt entra brura lokalet. Å komme seint er eigentleg typisk for ghanesarar, eg hadde berre venta noko anna når det gjaldt bryllup.

Meg, vertsbroren min og ei italiensk veninne
Vigsla var både rørande og lystig til tider, og eg fryda meg over den gospelliknande songen som fyllte rommet med glede. Det er kanskje ei av dei tinga som eg gjerne kunne tenkje meg å adoptere til det tradisjonelle norske bryllup. Å sjå brudgommen sitt nervøse og lykkelege blikk på sin aller kjæraste medan ho går opp kyrkjegolvet, er etter mi meining den finaste augneblinken i løpet av ein vigsel. Eg kan love deg at den augneblinken ikkje opplevast mindre romantisk i Afrika! Som den romantikaren eg er, fell eg ei lite tåre då det skjedde. Til min store lettelse bestod dagen berre av vigsla og litt mingling etterpå, før festen held fram på søndagen. Det tok med andre ord berre nokre timar før eg kunne gå heim å legge meg å få min etterlengta søvn.

Det mangla ikkje på flotte gåver...
Dagen etter møtte vi i kyrkja atter ein gong for å hedre det nygifta paret. Heile brylluppet var så gjennomtenkt når det gjeldt stil og fargesamansetningar, og denne dagen var utan unntak. Alle dei 4 brudgommane og brudepikene hadde matchande kjolar som sto i stil til fargane i lokalet, på brudekaka, heftene og blomane. Alt var så nøye planlagt ned til minste detalj og minte meg mykje om eit typisk amerikansk bryllup som ein ser på film. Dagen vart avslutta med lunsj heime hos brudgommen, kor dei også dansa brudevalsen. Eg syntes det var eit flott bryllup, men eg må innrømme at eg føretrekk dei norsk tradisjonane.
Med mi vertsmor og vertssyster i kvar arm
Ut over desse hendingane tilbrakte eg mykje av den siste tida saman med vertsfamilien min. Frå starten av var dei veldig opne og inkluderande, noko som gjorde at eg fort følte meg heime hos dei. Eg fekk inntrykk av at dei var stolte av å kunne presentere meg som deira vertsdotter, noko eg følte eg fekk bekrefta då dei køyrde meg til flyplassen. For av dei 4 jentene som har budd hos dei, er eg den einaste dei har køyrd til flyplassen, og det saman med heile familien! I løpet av dei 2 vekene eg budde hos knytta eg sterke band til desse varme menneska og eg kjenner meg heldig som kan seie at eg har ein ghanesisk familie!

onsdag 25. september 2013

Gullkysten


Det lokale fotballaget i Busua
Eg har vore utan nett den siste veka og difor ikkje fått oppdatert dykk, men det betyr ikkje at eg ikkje har noko å fortelje! Den siste veka har på ingen måte vore utan eventyr og eg har fleire innlegg som ventar på å publisert. I første omgang vil eg fortelje om korleis den siste veka mi i Ghana starta. Eg kan love dykk at eg har endå meir på lur, men dette får halde for dette innlegget. God fornøyelse!

Klar for å bli surfeprinsesse!
Frå mandag til fredag i forrige veke var eg i Busua, ein liten landsby på vest kysten av Ghana. Atmosfæren her var avslappa samanlikna med travle Accra og det passa meg utmerka då eg tross alt reiste for å få litt feriekjensle. Eg reiste saman med Thomas, ein surfefanatikar som eg jobba med i AgriPro, og gjett kva eg prøvde for første gong? Surfing! Det fallt veldig i smak og det gjekk ikkje lenge før eg klarte å stå på brettet. Å surfe ute i dei store bølgene er derimot ein heilt anna sak og eg fekk fleire gongar bank av bølgene. Er det ein ting ein forstår når ein surfar, så er det kor mykje krefter vatn har. Det er kroppen min eit bevis på, for no har eg skrubbsår på både bein og knær.

Iam standing!
Den første dagen var det fantastisk ver og eg starta dagen med ein joggetur langs stranda. Eg har aldri heilt forstått kva folk har snakka om når dei skryter av turer langs stranda om morgonen, men då eg fekk prøve det sjølv forstod eg det veldig godt. Kan du se for deg noko betre enn å starte dagen joggande heilt aleine på ei nydeleg strand, med bølgjene som einaste musikk og sola som litt etter litt skrur på sin varme sjarm? Eg synes desse morgonstundene var noko av det beste i løpet av heile dagen og følte meg veldig sprek då eg var gjennomsvett etter mine 5 km (ein svettar vanlegvis etter 5 minutt med fysisk aktivitet her).

Kan du tenkje deg ein finare løpebane?
På tur med Muhammed, ein 6 år gamal gutt som eg lærte korleis ein skulle gje ein klem.

Utanom mine daglege aktivitetar som surfing og jogging, gjekk tida for det meste med til å prate med andre menneske, lese bok og ete god mat. Eg vart blant anna kjend med nokre tyske gutar og saman gjekk vi på tur til ein idyllisk landsby som låg der elvemunningen møter havet. For å komme gjekk vi først nokre kilometarar langs stranda før vi måtte kave oss gjennom jungelen. Medan vi gjekk på tur kom vi over nokre fiskarar og dei viste stolt fram dagens fangst. Det var ikkje ringare enn ein sverdfisk og ein hai! 
Mine tidlegare symjekameratar?

Då eg åt om kvelden la eg merke til ein middelaldrande europear som sat ved bordet ved sida av meg. Innehavaren av restuaranten oppførte seg som om han var ein veldig viktig person og nyfiken som eg er tok eg kontakt. Det viste seg at mannen budde i Busua og dreiv med gruvedrift. Først tenkte eg ikkje noko meir over det, men etter å ha vorte litt nærmare kjent kom det fram at han held på med utvinning av gull. Europearen fortalte meg ivrig om sine metodar. Først hentar dei eit bestemt jordsmonn og vaskar det over eit teppe. Sidan gull er eit av dei tyngste metalla, fell dette ned i teppet, medan stein og sand vert vaska bort. Deretter må dei rense teppet for gullstøv og då er det viktig å følje nøye med slik at arbeidarane ikkje får sjansen til å stjele. Slik held dei på ein heil dag og gjennomsnittleg resulterer arbeidet i omlag 40 gram gull. Til mi store overrasking hadde han med seg ei kule av ekte gull og eg fekk lov til å kjenne kor tung ho var. Det er første gong eg har holdt rått gull som ikkje har vore smelta saman med andre metall og det var ei underleg kjensle å tenke på kor mykje ei kula som låg i handa mi var verdt. På grunn av dette grunnstoffet, som stammar frå stjernene, har europearane vore interessert i Ghana sidan 1470. Dette er opphavet til landet sitt tidlegare namn; Gullkysten. Det er absurd å tenkje på at gull framleis er ein av Ghana sine største eksportkjelder. Ghana er faktisk mykje rikare enn Noreg når det gjeld tilgong på ressursar som gull og olje, det er berre så synd at fordelinga av inntektene ikkje kan samanliknast med vår velfungerande politikk.

Slik ser ei ekte gullkule ut


mandag 16. september 2013

Accra Green Market

Heile AgriPro-teamet strålande nøgd med marknaden!
 Den siste månaden har eg jobba i eit ghanesisk selskap kalla AgriPro. Mitt prosjektområde har i all hovudsak vore å arrangere den organiske marknaden Accra Green Market. Oppgåvene har stått i kø under forberedelsane, og arbeidet har bydd på både frustrasjon og heldigvis endå meir glede. Eg har hatt ansvaret for kontakt med ministrar, ambassadar, promotering og opplegget for sjølve dagen. På laurdagen var endeleg den store dagen komen, og vi kunne stolt presentere den første organiske marknaden i Ghana!
Ei spent jente på kontoret før marknaden starta
På marknaden kunne ein få kjøpt alt frå organisk frukt og grønsaker, til naturlege hud- og hårpleieprodukt laga av kokos og sheasmør. I tillegg til dette var det mange andre spanande boder og alle hadde til felles at dei berre tilbudte lokalt produserte varer. Eg benytta sjølvsagt høvet til å handle med meg nokre fine (og nyttige) suvenirar heim.
Det einaste biletet eg klarte å ta av sjølve marknaden i løpet av dagen. Travelt!

På marknaden hadde vi stelt i stand eit eige område spesielt tilrettelagt for born. Der var det ulike spel, gjetteleikar, hoppeslott og ansiktsmaling. Eg heldt sjølvsagt til i dette området og fekk mange fans i løpet av dagen. Å gjette kor mykje godteri det var i ein boks og ansiktsmaling var kanskje dei to mest populære aktivitetane. Då eg gav meg for dagen spurte dei om eg ikkje kunne komme att i dagen etter. Det var veldig kjekk respons å få etter så mykje arbeid!
Saman med ei av jentene eg ansiktsmalte

Mitt andre store prosjekt for dagen var å arrangere dansekonkurransar. Til dei andre i gruppa si store forundring hadde eg på førehand fått tak i nokre gåvekort frå restaurantar i nærområdet, og desse vart no delt ut til den beste dansaren i kvar konkurranse. Eg hadde ikkje forventa å få med meg så mange born og ikkje minst at dei skulle vere så lite sjenerte. Den minste deltakaren var 2 år og den eldste 13 år, og ingen av dei hadde problem med å stå framføre publikum og danse. I staden for å gøyme seg bort, improviserte dei seg gjennom fengande songar med ei rytmeforståing utan like. Du kan tru eg vart imponert!
Eg og alle borna som deltok i dansekonkurransen. Kjempestas!

Det var ikkje berre eg som gjekk smilande heim frå marknaden den kvelden, men heile teamet var storfornøgd med gjennomføringa. I dag skal vi møtast for ei evaluering av marknaden og etterpå starter allereie planlegginga av neste Accra Green Market. Eg takkar derimot for meg og dreg på surfeferie nokre dagar, før eg vender tilbake til mi siste helg i Ghana komande helg. No har eg berre litt over ei veke igjen her nede – det er rart å tenkje på!

Eg ynskjer de ei fin start på ei ny veke :)  

søndag 15. september 2013

This is Accra

På Usher fort i James Town


Forrige fredag drog eg og Kirsten, ho eg bur i vertsfamilie med, til eit av dei fattigare strøka av Accra. I guideboka sto det at ein ikkje har vore i Accra før ein har vore der, og då kunne vi ikkje gjere anna enn å dra dit. Opprinneleg var det i denne bydelen, kalla James Town, at slavehandelen fann stad. Både atmosfæren og dei falleferdige forta vitna om at denne historiske bakgrunnen framleis prega bydelen. Menneska såg litt mistenksomt på oss kvite og vi fekk ikkje like mange hyggelege kommentarar som «ha ein fin dag» slengt etter oss, som vi er vant til. Sjølv om atmosfæren ikkje var like hyggeleg som der vi vanlegvis vankar, følte eg meg ikkje på noko tidspunkt trua. Eg vart i staden sjokkert av alt søppelet som velta ut frå butikkar og ned over stranda. Eg har tidlegare snakka med ghanesarar om søppelproblematikken i landet, og dei hevdar at det handlar om uvit. Dersom det er tilfelle, er James Town den staden med flest uvitande menneske eg har vore på i heile mitt liv.
Ved fyrtårnet 

Eg og Kirsten 
Vi fekk etterkvart selskap av ein lokal mann som tok på seg ansvaret å guide oss rundt i området. Han sørga for at vi fekk komme opp i fyrtårnet med utsikt ut over havet og til min store glede; over heile Accra. Det er første gong eg har sett byen frå fugleperspektiv og no fekk eg verkeleg forståing for kor stor byen er. Eg har høyrd at Accra er den største hovudstaden i vest Afrika, kjelda er ikkje veldig påliteleg, men at det er ein stor by er det i alle fall ikkje tvil om. Her bur det nesten like mange menneske som i heile Noreg og det finnes nesten ikkje anna enn einetasjes hus. Så du kan tenke deg kor langstrakt byen er som rommar alle desse husværa på eit plan.

Slik ser heimane i James Town ut frå fugleperspektiv
Etterpå bevegde vi oss ned til eit fiskarsamfunn ved havet i James Town. Her var det verkeleg fattigsleg og fleire av dei som budde her hadde ikkje klær. Fiskarfamiliane heldt til i skeive skur og levde stort sett av dei gåvene sjøen binger dei. Då vi entra fiskarlandsbyen slo ein sterk stank mot oss. Det er ikkje mogleg å beskrive luktene som reiv i nasen, men eg kan seie såpass at det lukta verre enn på den eklaste utedo, så då kan du kanskje tenkje deg. Det tok litt tid før eg vart såpass vant til luktene at eg kunne ta til meg alt av inntrykk rundt meg. Det var ei tanke som slo meg medan eg gjekk der i det som føltes ut som ein bosshaug, nemleg kor ufatteleg heldig eg er som er født i Noreg. Eg håper bileta kanskje kan gje de ein smakebit av kor heldige vi er, for som ein seier; «eg trur det ikkje før eg får sjå det». Så her kjem det litt bilete til ettertanke, og dei hugs at dei er teke frå den same verda som vi bur i.
På stranda ved fiskarlandsbyen
Dette lever dei av - fisk i alle variantar. Her ser de bilete frå når dei røyker fisken

Håper de har hatt ei fin helg elles! Mange varme tankar frå Ghana <3  

onsdag 11. september 2013

Kakum nasjonalpark



The Canopy walk
Laurdag ettermiddag forlot vi Cape Coast til fordel for Kakum nasjonalpark. Nasjonalparken ligg ein time køyretur unna og er kanskje den mest turistifiserte staden eg har vore her i Ghana så langt. Det var fleire kvite enn mørkhuda menneske her, og det er uvanleg! Ghanesarar har eit eige namn på dei som er kvite i huden. Dei kallar oss «Obruni», som betyr menneske som kom sjøvegen. Når ein går rundt i gatene høyrer ein stadig vekk folk rope «Obruni» etter ein, og til tider kan det vere ganske slitsomt. I Kakum nasjonalpark var det derimot ingen som ropte dette, for fleirtalet var jo kvite turistar. Årsaken til at det var så mange turistar samla på ein stad er fordi nasjonalparken blant anna husar noko som kallast «the canopy walk». Det er ein opplevelsessti som består av små hengebruer som går mellom dei skyhøge trea i jungelen. Stien er på det meste 40 meter over bakken og herifrå har ein god utsikt både utover nasjonalparken og ned i jungelen.

hengebrua fører oss inn i jungelen
Eg var så heldig at eg fekk ein privat tur etter at dei hadde stengt parken for turistar. På den måten fekk eg nyte «the Canopy walk» i ro og mak utan nokon andre til stades, forutan guiden min. Han tok seg god tid til å fortelje om parken og dyra i den, men i løpet av turen var det berre nokre rotter og fuglar som viste seg for oss. Elefantane, apene og krokodillene som i følge han skulle halde til i parken, såg eg ikkje noko til. Heldigvis har eg fått oppleve alle desse dyreartane i sitt naturlege habitat tidlegare, så skuffelsen var ikkje stor. Eg fekk i staden teke mange fine bilete, og nokre av dei ser de her på bloggen.
nøgd jente som har heile parken for seg sjølv

Om kvelden tok eg, Thomas og Alexander atter ein gong på oss sekkane våre og gjekk inn i jungelen. Saman med oss gjekk ein guide, det er nemleg pålagt å ha guide når ein er i nasjonalparkane her i Ghana, i tillegg til 4 andre turistar. Det begynte å bli mørkt medan vi gjekk og stien vart meir og meir gjengrodd. Grunnen til at vi gjekk inn i jungelen medan dei fleste andre drog heim var at vi var så heldige at vi skulle overnatte i ei trehytte. Hytta var ikkje berre laga av tre, i tillegg var ho var bygd 30 meter over bakken i eit gedigent tre. På trass av ein stiv pris var det ei veldig spanande oppleving.
trehytta vi overnatta i - her var det om å gjere å ikkje gå på toalettet om natta

Etter å ha lagt frå oss tingene våre i hytta gjorde vi oss klar til å gå inn i jungelen for andre gong. Endeleg fekk eg bruk for hodelykta eg fekk låne av Påsan før eg drog frå Noreg, og eg kan skrive under på at den gjorde nytte for seg. Jungelen var bekmørk og himmelen mørk av skyer, så hodelyktene var det einaste lyset vi hadde. Når vi lyste inn i mørket kunne vi av og til sjå gjenskinnet av augene til ville dyr og insekter. På den måten var det lett å oppdage gigantiske edderkoppar, sommarfuglar og antiloper som betrakta oss medan vi gjekk gjennom buskaset. For det var verkeleg eit buskas av trær, røtter og blader vi måtte klatre over eller krype under for å komme oss fram. Guiden valgte med andre ord ikkje den lettaste vegen. Det var eigentleg ganske bra, for då fekk vi erfare korleis det verkeleg er å ta seg fram i jungelen. Medan vi gjekk der begynte vi ein etter ein å klø på ulike stader på kroppen og då vi lyste på kvarandre for å sjå kva det var, viste det seg at det var gigantiske mauraktige insekt. Alexander var så uheldig å få eit innsekt inn i øyre og han måtte på sjukehuset på mandag for å få det ut. Eg orker nesten ikkje tenke på kor ubehageleg det må vere å kjenne eit stort insekt krype rundt i øret.

det var godt å ha noko å halde seg fast i når hengebrua begynte å svaie
Turen i jugelen var veldig spanande, men eg er glad for at vi hadde ein som kjente vegane ut og inn. Ikkje berre fekk han oss trygt tilbake, men han visste også kor han skulle leite for å vise oss skorpionar og andre dyr. Då vi kom tilbake til trehytta var alle våte av svette. I jungelen er det så fuktig, at berre litt fysisk aktivitet gjer at ein svettar som i ei badstu. Kvelden vart avslutta med hyggelege historier inne i hytta, før eg sovna som ein stein til summing og andre lydar frå dyra i jungelen.


Eg håper de synes det var kjekt å følje med på reisen inn i jungelen. No er eg for lengst tilbake i Accra og held på å jobbe med marknaden som finn stad på laurdag. Det blir spanande å sjå resultatet! 

Eg ynskjer de alle ein riktig fin dag! 






tirsdag 10. september 2013

To sider av same sak

Vi fekk servert vin og god mat hos ambassadøren

 Heilt sidan eg kom til Ghana har eg levd, åte og jobba som ein vanleg ghanesar. Det har ført til både glede og frustrasjon, men viktigast av alt har det gjeve meg ei forståing av korleis det verkeleg er å bu her. Eg har inntrykk av at for ghanesarar er det ikkje kor mykje ein har eller gjer som tel, men kva glede det gir deg personleg som er viktig. Som ein ghanesar sa; du kan gjere alt du vil, berre ikkje på same tid. Denne innsikta føler eg kanskje er den viktigaste bagasjen eg kjem til å ha med meg heim til Noreg.  
Det kvite huset i midten av biletet er min nye heim

Grunnen til at eg tek opp dette er fordi eg fekk oppleve to heilt ulike sider av Ghana i går. Eg har nemleg flytta til ein vertsfamilie som bur i eit mindre fint strøk her i Accra. Nabolaget er fullpakka av små skur og murhus, og det er menneske i gatene til alle døgnes tider. Det er ingen ordentleg gate mellom husa og rommet vi har er veldig enkelt. Likevel trives eg kjempegodt! Familien er veldig hyggeleg og eg ser på dette som ein ypperleg moglegheit til å komme endå tettare inn på det ekste ghanesiske levesettet. Eg er så utruleg takknemleg for at eg får bu hos dei og ikkje minst for at dei har teke så godt i mot meg. Dei har allereie invitert meg til eit ekte ghanesisk bryllupp! Brylluppet finn stad siste helga før eg drar, så det blir ei fin markering av noko nytt for brudeparet og ei avslutning for meg i Ghana. Eg kan nesten ikkje vente!

Eg nyter min første kaffi i Ghana på gårsdagens valgvake
Etter å ha brukt nokre timar på å bli kjent med min nye vertsfamilie drog eg på valgvake hos den norske ambassadøren. Då eg gjekk gjennom den bevokta porten slo det meg kor lukseriøst det var. Moderne hus, badebasseng i hagen, eigne servitørar – alt sto sånn i kontrast til kva som befinn seg utanfor porten. For meg var det nesten eit lite sjokk å komme frå eit så enkelt liv til noko som var så flott. Eg følte meg litt utilpass når nokon serverte meg og rydda opp etter meg, som om eg følte at eg eigentleg var ein av desse arbeidarane. Då eg prata med dei andre norske som bur her gjekk det opp for meg at dei har eit heilt anna inntrykk av landet enn kva eg har fått. Dei et norsk mat, har privat sjåfør og lever på mange måtar i ein heilt anna verd. På trass av all velstanden dei har er eg umåteleg glad for at eg får oppleve Ghana på den måten eg gjer. Eg føler at eg kjem tett på den allmenne ghanesar og får oppleve sider av landet som dei aldri vil kunne forestille seg. Det er ei erfaring eg aldri ville vore forutan.

Ambassadøren sin heim står veldig i kontrast til min

I går lovde eg å fortelje resten av helga sine begivenheiter, men eg trur dessverre eg sluttar her for i dag. Eg skal heller fortelje viare i morgon. I mellomtida kan de kanskje tenke over det eg har skreve ovanfor. Av alt det de har i livet dykkar, kva er det eigentleg som gjer deg glad? Er det den nye genseren du nettopp kjøpte, dei ti par skoa som står i skapet og ventar på å bli brukt, menneska du deler dine sorger og gleder med eller den vesle meldinga kjærasten din sender deg når du minst ventar det? Svaret på spørsmålet ovanfor er det berre du som kan svare på. Eg vil berre oppfordre deg til å setje pris på det og dei som betyr noko for deg.

Ha ein fin dag!