fredag 30. august 2013

God helg

 Ein kald øl og gode vener hjelper på humøret 

Hei igjen!

Beklager at det ikkje blei noko oppdatering i går, men eg trengte ein bloggfri dag. Diare, lite søvn og heimlengsel er ikkje optimale forhold. Heldigvis har eg fine personar rundt meg som lyttar og hjelper meg, det set eg veldig pris på!

Du finn alt du vil ha og meire til på kunstmarknad!

I går vart avgjerdsla rundt valgjukset avklart og det endte med at høgasterett henla saken. Det vil med andre ord seie at dei slepp å gjennomføre eit nytt val og alt held fram som det er. Det var ei stor lettelse for oss, for dersom det skulle vise seg at dei dømte regjeringa for å drive valgjuks hadde det med stor sansynlegheit resultert i store demonstrasjonar og vald. Vi fekk fri frå jobb i går fordi det kunne vere farleg å ferdast i sentrum, så noko positivt kom utav usikkerheita. Eg benytta friheita til å dra på ein såkalla «kunstmarknad» i nærleiken. Der sel dei alt frå smykker, klær, maleri, statuer, - nærmast alt ein kan tenke seg. Eg fann ein del ting eg skal ta med meg heim, og nokre ting eg definitivt ikkje skal ta med meg heim. Biletet under er av tørke slangeskinn frå ein kobra, viss eg hugsar rett. Det er noko som hamnar i den siste kategorien. Etterpå var eg å symde i saman med Ine, som er på utveksling her i Ghana. Det var kjekt å snakke med nokon som er i same situasjon som ein sjølv. Eg synes ho er kjempetøff som skal vere her eit heilt semester, eg for min del synes eg 6 veker held i massevis.


Ekte slangeskinn - skrekkblanda fryd

No ser eg i fram til ei eventyrleg helg på safari. Vi skal dra direkte frå jobb og tek nattbussen til den nordlege delen av Ghana. Bussturen tek omlag 12 timar, om ikkje meir. Det blir ei heftig reise, men eg er sikker på at det er verdt det. Når vi kjem fram skal vi nemleg besøke ein krokodillefarm. Eg har sett bilete frå andre som har vore der, og dei har teke bilete medan dei satt på krokodillen. Så sjansen er stor for at det blir nokre fine bildeoppdateringar neste veke. På søndag skal vi overnatte i jungelen og stå opp grytidleg for å sjå elefantar. Eg har sett dyret på sirkus tidlegare, men aldri ville elefantar i sitt eige territorie. Eg gler meg med andre ord som eit lite barn!

Ynskjer de alle ei herleg helg <3




onsdag 28. august 2013

Ei ny side av Afrika



Klar for eit møte på departementet

Gjennom jobben har eg vore så heldig å bli kjent med Ghana på ein litt anna måte enn kva eg elles trur eg ville gjort. Eg har våre i kontakt med ulike ghanesiske selskaper, bønder og departement for å organisere marknaden som skal vere i september. Eg vart overraska over kor lett det var å berre gå inn på eit departement og bli viareført til sekretæren til ministeren. Eg veit jo ikkje korleis det er i Noreg for eg har aldri vore på eit departement, men eg kan ikkje sjå for meg at det skal vere så lett som det er her. Vi slapp inn med ein gong for å levere eit brev og høyre om vi kunne få møte dei. Av dei 8 departementa vi leverte brev til, fikk vi avtalt eit møte med 3. Det var veldig spanande å få vere med i møte med dei og høyre deira synspunkter angåande arrangementet vårt. Det som også overraska meg då eg gjekk rundt i gangane, var kor småskittent og gamle nokre av lokala var. Eg hadde til dømes sett for meg at dei hadde fine toalett og benytta anledninga når eg først var der, men der tok eg grundig feil.

Leverer brev til departementet for handel og industri

Den første veka vi jobba her arrangerte Agripro ein jobbfest slik at vi skulle få bli kjend med dei andre som jobbar i bedrifta. Det vart ein veldig hyggeleg kveld, med sang, god mat og nokre leikar. Før vi skulle forsyne oss vart eg plutseleg spurt om eg kunne halde ei bordbøn. Det er ikkje så uvanleg å synge for maten i Noreg, men eg har aldri holdt ei bordbøn før. Så då eg vart spurt vart eg tatt litt på senga. Skulle eg halde ei bordbøn framføre desse karismatiske kristne, og tilfell kva skulle eg seie? Eg såg rundt på dei forventningsfulle andleta og bestemte meg for å gjere det. Betingelsen var at eg fekk gjere det på norsk. Så alle folda hendene og fekk eit ærefullt utrykk i andletet, medan eg la ut om korleis eg synes det er her, at eg var glad for at eg bur i Noreg og at eg håpa at vi kunne få ein hyggeleg kveld saman. Dei andre rundt bordet nikka og var sannsynlegvis overbevist om at eg holdt engasjert takketale til gud. Det var jo forsåvidt også ein liten takketale eg holdt, berre på min måte. Eg hugsa sjølvsagt å avslutte med «amen».

Som eg så vidt nemnde i eit tidlegare innlegg jobbar vi med eit prosjekt som går ut på å arrangere bondens marknad. Marknaden finn stad her i Accra den 14 september. Sjølv om det er mykje arbeid som gjenstår før arrangementet kan erklærast ferdig, er ghanesarane veldig avslappa og er sikker på at alt kjem til å ordne seg. Med så liten arbeidsinnsats og så avslappa haldning som dei har, klarer eg ikkje heilt å sjå for meg at det kjem til å gå. Eg prøver likevel alt eg kan å ikkje la meg stresse av den gjenståande jobben, for det er jo nettopp difor eg er her – for å erfare korleis det er å jobbe i ein anna kultur. I staden prøver eg å snike inn forslag som kan effektivisere arbeidet litt, slik at eg i alle fall prøver å hjelpe dei i riktig retning. Eg er spent på korleis resultatet vert til slutt!

Nokre av dei som arbeider på same kontor som meg

Etter jobb i dag tenkte vi å dra til stranda, men det viser seg at det kan vere utrygt å gå ut etter fem. Det er fordi høgasterett skal avgjere om eit av dei to store partia her til lands har dreve med valgjuks. Så uansett utfall så kjem eit av partia mest sannsynleg til å gjere oppgjer. Det tryggaste er i tilfelle å dra heim etter jobb. Det er litt kjedeleg i og med at eg hadde så lyst til å bade!




tirsdag 27. august 2013

As fresh as you can get it



Frukt til frukost

I dag tidleg fekk eg for første gong oppleve ein afrikansk soloppgong. Til vanleg er det nemleg overskya om føremiddagen her i Accra, før det lettar litt utpå dagen. I dag klarte sola derimot å snike seg unna det tynne skylaget på himmelen og hilste meg og mine to joggekameratar god morgon før vi la ut på tur. Til ære for den runde sola unna eg meg fersk appelsinjuice etter joggeturen. Når eg seier fersk, så meiner eg verkeleg så fersk som ein kan få det. I Ghana drikk ein nemleg direkte frå ein heil appelsin. Dei kuttar av toppen av frukta og så klemmer du safta ut av ho. Ganske stileg eigentleg!

Dagens C-vitamin inntak er dekka, nam!

I går sjekka eg kor lang tid googlemaps estimerer at det tek å køyre frå der vi bur til jobb. Til mi store overrasking skal det berre ta 23 minutt, noko som er 40 minutt mindre enn det vi bruker på ein dag med lite trafikk. Det seier sitt om korleis trafikken er her. Det verste er likevel ikkje å vente i kø, men all eksosen ein må puste inn. Mange biler her er eg sikker på at aldri ville blitt godkjent i EU kontroll, blant anna fordi dei slipp ut store mengder svart røyk. Så når vi sitter i kø må vi altså puste inn all denne forureina lufta og ein føler seg nesten uvel når ein kjem heim. Då eg skulle pusse nasen etter heimturen i går var det som kom ut nesten heilt svart. Eg gleder meg med andre ord veldig til å puste inn den friske, norske fjellufta!

Eit overblikk over trafikken på ein vanleg dag - kaos

Men no har eg nesten gløymt å fortelje om det viktigaste! Eg har nemleg vore ein tur i Noreg i dag. Det vil seie at eg har besøkt den norske ambassaden i Ghana for å forhandsstemme til valget. På ambassaden hadde dei eit blad med bilete av det norske kongeparet og eit norsk flagg som stolt flagga i vinden utanfor. Berre å sjå desse små tinga gjorde at eg med eitt følte meg litt heime og mine nasjonalistiske kjensler blussa opp. Eg har høyrd at staden du er født avgjer 70% av di framtidige inntekt. Då eg gjekk frå ambassaden tenkte eg meg sjølv at eg er heldig som er født i Noreg.

Den norske ambassaden, legg merke til flagget <3 

Seinare i dag skal vi på Accra Mall, eit moderne kjøpesenter med kino. Eg skal prøve å finne postkort sånn at eg kan sende nokre helsingar heim, for med relativt få turistar er det vanskeleg å finne slike ting på gata. Viss det er ein stad dei må ha slike ting er det på dette kjøpesenteret, her har eg tildlegare fått kjøpt vestlege produkter som kumjølk og donut. Finn eg ikkje kort her finn eg det sannsynlegvis aldri. Etter postkortjakt har vi planer om å spise pizza og gå på Ghanesisk kino, det kan bli interessant!

Ynskjer dykk alle ein fin tirsdag :)

mandag 26. august 2013

Ein liten ferie


 Nyter utsikta frå ein gammal fiskebåt

 I helga drog vi på ferie til Kokrobite, ei strand som ligg omlag ein times køyretur unna Accra. Vi overnatta på eit kult hotel rett ved stranda og for ein gongs skuld gløymde eg at eg var i Afrika. Kanskje var det fordi maten hadde eit litt meir europeisk preg (vi kunne tildømes få servert pasta og gresk salat) eller fordi det i samanlikning med andre stader var mange kvite menneske? Uansett; eg storkoste meg! Atmosfæren på hotellet var veldig avslappa og hyggeleg, men om kveldane var det som alle vakna til liv av rytmisk musikk og sprek underhaldning. Det vart rett og slett som eit lite ferieparadis!

stemningsbilete frå stranda

Eg kunne ikkje forestille meg at strendene her skulle vere så vakre. Forutan litt boss i vatnet, plast finn ein som nevnt over alt her, er strendene overraskande reine. Brusande bølger som skyller inn over dei mjuke sandstrendene, ramma inn av palmer i bakgrunnen – kan du forestille deg noko så vakkert? Hadde det ikkje vore for hygienen her til lands, trur eg dette hadde vore den yppelegaste ferieattraksjonen for nordmenn! For afrikanarane er jo så avslappa og hyggelege, og i kombinasjon med både vakre bade- og surfemoglegheiter kan det ikkje slå feil! Eg nøyt i alle fall dagane på stranda med boka «Politi», fersk ananas og avbrekk med symjing i bølgene.



Første kvelden på hotellet var det kulturell aften og vi fekk servert eit intenst danseshow akkompagnert av heftige trommer. Dansen her kan til tider minne om eit dyrisk spel mellom menn og kvinner. Danse har ein seksuell undertone, men på ein heilt anna måte enn den litt keitete nattklubbdansinga i Noreg. Etterpå var det imponerande akkrobatikk framført av ei lokal gruppe og det mangla i alle fall ikkje på spenst! Dei hoppa rundt om kring og gjorde så mange imponerande triks at eg berre vart ståande å måpe. Til dømes var det ein spenstig gut som så og sei var eit slangemennekse – beina gjekk i alle moglege retningar. Som dansaren eg er tenkte med ein gong at han kunne blitt ein god ballettdansar. Ein blir aldri kvitt heilt auge for detaljer etter å ha dansa ballett; ser eg nokre med fine linjer, unormal turn out eller grasiøse bevegelser ser eg dei for meg som ballettdansar. 
Ei av mange smilande personar på stranda

Etterpå var det vår tur å svinge oss til rytmene og vi lærte den populære dansen «Azonto». Dansen er litt som «makarena» var i Noreg i si tid; alle kan dansen og danser den stadig vekk. «Azonto» sørga i alle fall for at stemninga var på topp og vi dansa oss inn i dei mørke nattetimer ein sommarvarm fredagskveld. Det er i slike stunder eg tenker at livet verkeleg er herleg!

Håper de har hatt ei fin start på veka! Kom gjerne med innspel om kva dykk vil at eg skal fortelje om dei neste dagane :) 

mange klemmer frå Ghana <3 


fredag 23. august 2013

Min nye kvardag


nøgd etter første dag på jobb

Eg tenkte eg skulle fortelje litt om kvardagen min her i Afrika. For det er berre i helgene eg drar på slike opplevelsesturar som eg har fortalt om, ellers har eg eit ganske «normalt» liv.

Vanlegvis står eg opp rundt 6 og tek ein joggetur med nokre andre frå huset eg bur i. Vi er nøydd til å stå opp så tidlig for at alle skal rekke å dusje og ete før vi må dra på jobb. I byrjinga spiste eg ikkje så mykje til frukost, for det var vanskeleg å finne noko eg likte. Dei lokale et ein slags brun og flyrande grøt til frukost, men det fristar ikkje meg. Ein dag oppdaga eg derimot ei bod like ved som selg kvitt brød med egg. Etter denne oppdagelsen har eg åte dette kvar morgon. Med frukosten i neven tek vi «tro-troen» til arbeid og trafikken er heilt forferdeleg! Ei strekning som i utgangspunktet berre tek 20 minutt med bil, reknar vi med tek 1 time om morgonen.

I vekedagane arbeider eg i eit rådgjevningsfirma som fokuserer på jordbruket i Ghana, kalla Agripro. Målet til organisasjonen er å forbetre jordbruket i Ghana gjennom å linke investorar til bønder. Det er eit veldig interessant prosjekt å jobbe med, då eg får møte mange viktige personlegheiter i Accra sitt næringsliv. Eg er tilsett saman med fire andre utelandske studentar og vi arbeider i hovudsak med å arrangere Ghana sin første økologiske marknad som skal finne stad den 14 september. Det er ein veldig kjekk stad å jobbe, både fordi prosjektet er meiningsfullt og fordi menneska er veldig vennlege. Arbeidsplassen er også ein fin arena for å blir kjent med mange ghanesarar på vår eigen alder, noko eg synes er ekstra kjekt.
Det er allereie mørkt når vi et middag

Vi et varm lunsj i 13 tida, som vanlegvis består av ris i ein eller anna form. Dei har stekt ris, jollof-ris, vanleg kokt ris og sikkert mange andre variantar som eg ikkje har smakt enda. Til risen har eg saus med anten kylling, biff eller grønsaker. Det er ein heilt grei lunsj, men eg må innrømme at er blitt litt lei det. Eg har prøvd andre lokale rettar også, som til dømes «banko». Det er ein rett ein et med fingrane og består av ein komleliknande ball lagd av mais og cassava som ein dyppar i saus. Det er ganske sterke smaker, som alle andre lokale rettar her. Eg må inrømme at «Banko» ikkje er ein favoritt, men alt går i grisen (i alle fall når ein er sulten). Det er litt trist å innrømme det, men det beste måltidet eg har ete her var på ein thairestaurant...




Eg elsker frukta her! 
Til venstre et vi fersk kokosnøtt og til høgre nyt eg min første mango. Nam :)






Det beste eg får i Ghana er frukt. Eg lover dykk; de har ikkje smakt skikkelig banan, mango og ananas før de har vore i Afrika! Frukta smeltar på tunga og er heilt fantastisk. Eg trur eg kunne levd nesten berre på frukta her. Vi har også åte kokosnøtt, som visstnok skal vere veldig sundt. Når ein bestiller frukt på gata kuttar dei det opp for deg og serverer det i små plastikkposar. Ghanesarar har eit enormt forbruk av plastikkposer. Dersom ein bestiller noko å drikke vert det også servert i små plastposar!


No skal vi snart dra frå kontoret og vende nasen mot havet. Vi er 8 personar som skal tilbringe helga på eit hostel rett ved stranda. Eg ser fram til to late dager med bading, sol og lesing. Det betyr derimot at eg ikkje kjem til å skrive nokre nye innlegg på eit par dagar. Eg ynskjer dykk alle ei flott og avslappande helg!

torsdag 22. august 2013

Vi gjekk ein tur på stien og søkte skogens ro...


På brua som fører til Togo


I går fortalte eg om turen til det høgaste fjellet i Ghana, men reisen vår stoppa ikkje der. Då vi kom ned til foten av fjellet bestemte vi oss nemleg for å gå inn i nasjonalparken som låg like ved. Vi begynte langs ein smal sti og kom fort inn i den afrikanske jungelen. Eg har vore på fleire turar inne i bushen i fleire land, men aldri har eg følt at eg var så langt ute i villmarka. Stien var nesten igjengrodd nokre stader og i løpet av turen møtte vi berre to menneske. Det var på ein måte litt majestetisk å gå igjennom vildernesset av grøne plantar og skyhøge trer. Frå buskaset høyrde vi lydar frå fuglar og eg syntes at eg høyrde nokre aper. Vi såg derimot ikkje noko til desse dyra, berre mange innsekter av ulike slag. Eg såg blant anna mange maur som gjekk på ei strak rekke over stien, mon tru kor dei har fått disiplinen frå? I tillegg såg vi nydelege sommarfuglar i sterke fargar og tusenbein. Eg blei så engasjert at eg tok bilete av alt saman. Dessverre er internettet så dårleg her at eg ikkje kan laste opp så mange bilete om gongen, viss ikkje skulle de fått sett alt saman!




Etter å ha gått i 40 minutt opna vegetasjonen seg og kom vi til ein liten bekk. Utan å tenke noko meir over det gjekk vi viare rundt ein sving, og plutseleg stod vi framføre det vakraste vassfallet eg nokon gong har sett. Fallet var på omlag 25 meter høgt og kom ut frå eit lite hol i vegetasjonen frå ei klippe. Vatnet fossa ut frå klippa og stupte elegant ned i det vesle vatnet det skapte under seg. Det var eit vakkert syn og kanskje ekstra spesielt sidan eg følte at dette var ein uoppdaga skatt vi hadde heilt for oss sjølv. På trass av at det sto skilt om at det ikkje var lov til å bade i nasjonalparken, tok eg og nokre andre oss friheita til å bade i vatnet. Det var heilt fantastisk å bade etter den lange fjellturen og ikkje minst eksotisk sidan vi var langt inni jungelen. Når eg no tenker tilbake på det kunne eg ynskje at eg kunne oppleve det ein gong til, så flott syntes eg det var.






No begynner eg også å venne meg til livet her og det gjer det mykje lettare. Maten er ikkje så verst lenger, og begynner å bli vant til å ikkje føle meg heilt rein etter at eg har dusja – berre reinare enn eg var før. Håper alt er bra der heime og at de har komt tilbake til rutinene igjen!



onsdag 21. august 2013

Med utsikt over Afrika

På toppen av Afarjato - det høgaste fjellet i Ghana 

Sist helg drog eg på tur til den austlege regionen av Ghana, saman med ein sju andre studentar eg bur med. Vi brukte det lokale framkomstmiddelet «tro-tro», som i all hovudsak er ein gammal minibuss. Slike bussar finn ein over alt i Ghana og dei er utruleg rimelege. Det kostar til dømes berre 1 cedi, det vil seie 3 norske kroner, for ein busstur på omlag 40 minutt! Men ein betaler for det ein får, så komforten er ikkje den beste i slike «tro-troar». Vi brukte 4 timar på dei humpete vegane til byen Hohoe, men kom til gjengjeld fram til eit realtivt flott og reint hotell. Dersom ein samanliknar det med norsk standard vil eg ikkje seie at hotellet ikkje hadde meir enn 1 stjerne, men vi var svært nøgde sidan vi fekk vårt eige bad med dusj frå taket!

Dagen etter køyrde vi viare inn i på den afrikanske landsbygda. Då fekk eg sjå med eigne auge kor lite som skal til for å gjere menneske lykkelege. Mange budde i små strå- og leirhytter, og borna sprang rundt i berre undertøy. Likevel trur eg at det er dei mest smilande menneska eg nokon gong har møtt. Dei små borna kom springande bort til oss då vi gjekk ut av «tro-troen» og spurte høfleg «how are you?» medan dei smilte frå øyre til øyre. Alle syntes det var stas å ha besøk av kvite og nokre ville til og med ta på den kvite huden min. 

I ein av landsbyane såg eg eit skilt der det sto; «if you can think of everything you have, than you have enough». Det er kanskje satt opp som ei påminning om at det ikkje er kor mykje du har som betyding for kor lykkeleg du er. Eg prøvde å tenke på alle tinga eg har og fann ut at eg sannsynlegvis berre klarte å sjå for meg halvparten av alle klærne eg har i klesskapet mitt heime i Noreg. I følje plakaten har eg med andre ord litt mykje klær...
Det var ein bratt veg å gå opp fjellet

Turen til landsbygda var ikkje heilt uten mål og meining, planen var nemleg at vi skulle gå opp på det høgaste fjellet i Ghana. Det skulle derimot vise seg å verte ei større utfordring enn eg hadde føresett. Fjellet er 885 meter høgt og turen opp består går på ein bratt sti. I fuktig, varm luft kunne det vere tungt for alle og ein kvar. Den eine guten i gjengen eg gjekk med hadde aldri bestege eit fjell før og dette var ikkje akkurat ein lett start. Vi tok fatt på turen med stort mot, men innsåg etterkvart at vi var nøydd til å sette ned tempoet betrakteleg dersom alle skulle klare å gå til toppen. Så med jamne mellomrom hadde vi drikkestopp og tok bilete med ivrige afrikanarar som syntes det var veldig stas å ta bilete med kvite folk. Hadde det ikkje vore for vårt pågangsmot trur eg vi aldri hadde klart det, for dei afrikanarane vi møtte overdreiv alltid avstandane. Til dømes fekk vi beskjed om at vi hadde ein time igjen å gå då vi var ti minutt frå toppen. Omsider kom vi oss opp og ein svert nøgd gjeng kunne juble over å ha bestege det høgaste fjellet i Ghana. La meg seie det slik: utsikta var verkeleg verdt anstrengelsen!  

tirsdag 20. august 2013

Det er betre å stille nokre spørsmål, enn å vite alle svara

Kva er meininga med livet?
Det er eit spørsmål som eg ikkje trur det finst eit enkelt svar på. Eg har heller ikkje tenkt å begje meg ut på ein lang refleksjon om kva som er meininga for meg, men berre nemne at eg trur noko av røyndomen ligg i opplevingar. Opplevingar skapar relasjonar, forståelse og gjer at ein kan setje ting i perspektiv. Det er nettopp av desse årsakane at eg har valgt å dra til Ghana. Her har dei ein heilt anna kultur enn kva eg er vant til, på godt og vondt. Eg både håper og trur at dette opphaldet vil lære meg mykje og ikkje minst skape forståelse for eit heilt nytt samfunn. 

på besøk i ein typisk, afrikansk landsby 

Kva skal eg gjere i Ghana?
Det er derimot eit litt lettare spørsmål å svare på. Eg er i Ghana for å arbeide gjennom organisasjonen AIESEC. I all hovudsak skal eg arbeide med entreprenørskap, men til no har eg berre vore i møte med organisasjonen eg skal arbeide for. Det verkar veldig interessant, så når eg har fått litt meir innsikt i prosjektet skal eg skrive eit innlegg om det.

I løpet av dette eventyret skal eg bu i eit hus saman med andre studentar som arbeider gjennom same organisasjon. Huset ligg i hovudstaden Accra, med omlag 4 millionar menneske. Det er med andre ord den største byen eg nokon gong har budd i! I helgene kjem eg til å reise på opplevelsesturar rundt om i landet. I dag er det faktisk akkurat 5 veker til eg er heime, så eg har allereie mange opplevingar å dele med dykk frå dei dagane eg har vore her. Det er berre til å følge med vidare!
Det er litt av eit kick å sitte på motorsykkel på afrikanske landevegar!

Det er berre til å stille spørsmål dersom det er noko de lurer på. Eg skal prøve å svare så godt eg kan :) 


mandag 19. august 2013

Første inntrykk

Nokre seier at ein ikkje kan endre eit første inntrykk, så det blir spanande å sjå om det gjeld for meg også. Mitt første inntrykk av Ghana var at dette var eit annleis, men fasinerande land. Det har utspring i dei første opplevingane mine her, som eg tenkte eg skulle fortelje litt om.

Då eg gjekk ut av flyet vart eg møtt av ein vegg med fuktig, varm luft. Til å vere i eit tropisk område med mykje frodig natur, kan ein nesten ikkje vente noko anna. Flyplassen var relativt velutstyrt, med blant anna ruleband for bagasjen (sjølv om det var personar som sto å løfta bagasjen opp på bandet). Hol i veggar og skitt over alt vitna likevel om at Ghana ikkje er eit vestleg land. At det er skitt over alt er derimot ikkje uvanleg. Eg trur knapt eg har sett eit heilt reint rom sidan eg kom hit. Brune flekkar på veggane og søppel på golvet er ein berre nøydd til å venne seg til.

slik ser det ut i gata eg bur

Det viste det seg at straumen var gått for eit par dagar i huset eg skal bu i. Det er i seg sjølv ganske vanleg her i Afrika, berre synd at det var så dårleg timing. Det er inga røyndom at eg er dårleg til å hugse namn, ansikt festar seg derimot lett i hukommelsen. At eg måtte helse på alle i mørkret, uten å sjå kven eg vart presentert for, kan difor ikkje seiast å være svært gunstig for meg. Eg går framleis å smiler litt til personar som eg ikkje veit om eg har helst på. Det gjer det ikkje noko betre at eg i utgangspunktet ikkje er så lett å skilje alle dei afrikanske som vandrar her. Heldigvis er alle veldig hyggelege når eg spør om namnet deira.

her er eg på tur med ein gjeng frå huset eg bur i 

Den første morgonen starta med ein joggetur i nabolaget, som på mange måtar introduserte meg for det verkelege Afrika. Kvelden før kunne eg som nemnd ikkje sjå omgjevnadane, for når det er mørkt her - då er det verkeleg bekmørkt! I løpet av joggeturen kunne eg blant anna sjå (og lukte) kloakkavløpa ved sida av vegen, dei falleferdige skura langs vegen, søppelet over alt og dei stirrande blikka frå nyfikne ghanesarar. Ein bil med afrikanske arbeidarar stoppa til og med langs vegen for å ta bilete av meg undervegs. I mine svette joggekle følte eg meg ikkje akkurat verdt den paparazzi-jobben.

Eg gleda meg til å ta ein kald og frisk dusj då eg kom tilbake frå joggeturen. Det skulle vise seg å bli ei litt anna oppleving enn forventa. Dusjen her består av ei bøtte med vatn i eit lite rom med stein på golvet. Ein er nøydd til å helle litt og litt vatn frå bøtta over seg, for å spare på vatnet. Her er kvar dråpe verdifull! Det var ein liten tankevekkar for meg, for tenk kor mange bøtter vatn eg vanlegvis bruker på ein dusj heime.

Så no veit de litt meir om mitt første inntrykk av Ghana. Eg gler meg til å fortelje meir om inntrykka eg har fått etter den første dagen. No skal eg ta ein tidleg kveld, så eventyret held fram i morgon. Følg med på reisen!

Bli med på mitt eventyr!


Eg bur for tida i Ghana, eit vestafrikansk land med omlag 25 millionar menneske. Berre i løpet av dei få dagane eg har vore her har eg sett, smakt og lært så mykje nytt. Alt tyder på at dette opphaldet kjem til å bli eit spanande eventyr.

Då eg drog frå Noreg var det så mange som lurte på kor og kva eg skulle gjere i løpet av mitt afrikanske eventyr, så eg bestemte meg like godt for å skrive ein blogg. Bloggen vil by på smakebitar av det eg opplever her i Ghana. Eg skal prøve å få lagt ut eit innlegg kvar dag slik at de lett kan følje meg, for delt glede er jo dobbel glede! Eg håper den fell i smak. Kanskje kan den bidra til å setje perspektiv på kvardagen der heime også?

Klemmer frå Ghana,

Karina Sofie