torsdag 26. september 2013

Dei siste dagane i Ghana

Eg har det kjekt i kyrkja med vesle Louis på 7 månadar


Den siste dagen min i Busua ville eg utnytte så mykje som mogleg, og surfa ein del på trass av dei verkande skrubbsåra på beina. Til mi store glede følte eg at eg verkeleg begynte å få teken på å surfe, no kunne eg til og med svinge med brettet! Då eg skulle ta min siste tur ut i bølgene, kjente eg plutseleg kjente noko hardt som beit seg fast i foten min. Ei ilande smerte bredte seg igjennom kroppen og min første reaksjon var å slå til staden kor dyret beit. Det resulterte i at eg slo dyret bort, men eg fekk aldri sett kva som beit meg. Bittet viste seg å vere giftig og det gjorde så ubeskriveleg vondt i heile foten at eg gret i fleire timar etterpå. Det heile endte på det lokale sjukehuset kor eg fekk sprøyte med motgift og medisinar som gjorde at smertene gav seg etter kvart. Dagen etter reiste eg heim mot Accra då eg fekk omgangssjuke og eg måtte ta inn på eit hotell langs vegen. Ikkje at det hadde vore nøysamt med ei seng, for om natta skifta sjukdomen hamn og eg måtte på toalettet kvar time. Truleg var dette kroppen sin reaksjon på det som skjedde dagen i forvegen. Temmeleg dehydrert vart eg kjend med ein sjukepleiar som gav meg antibiotika og saltpulver til å ha i drikkevatnet mitt. Ho meinte eg var heldig som var i ein så god helsetilstand, for dei sjødyra her til lands ofte er veldig giftige. Så i følje ho har eg vore heldig i uhellet, sjølv om eg følte med som ein ullykkesfugl etter desse fæle hendingane!

Rett før paret vart mann og kone
Då eg kom heim om morgonen hadde eg berre tid til å ta ein rask dusj før vi skulle i bryllup. Eg hadde sett fram til denne dagen lenge, men akkurat då føltes det berre som ei byrde. Sjølve vigsla skulle byrje klokka 1, men til min store forbauselse var kyrkja nesten tom på dette tidspunktet. Etterkvart som klokka nærma seg halv to begynte rommet å fylle seg opp med folk og ein time seinare enn planlagt entra brura lokalet. Å komme seint er eigentleg typisk for ghanesarar, eg hadde berre venta noko anna når det gjaldt bryllup.

Meg, vertsbroren min og ei italiensk veninne
Vigsla var både rørande og lystig til tider, og eg fryda meg over den gospelliknande songen som fyllte rommet med glede. Det er kanskje ei av dei tinga som eg gjerne kunne tenkje meg å adoptere til det tradisjonelle norske bryllup. Å sjå brudgommen sitt nervøse og lykkelege blikk på sin aller kjæraste medan ho går opp kyrkjegolvet, er etter mi meining den finaste augneblinken i løpet av ein vigsel. Eg kan love deg at den augneblinken ikkje opplevast mindre romantisk i Afrika! Som den romantikaren eg er, fell eg ei lite tåre då det skjedde. Til min store lettelse bestod dagen berre av vigsla og litt mingling etterpå, før festen held fram på søndagen. Det tok med andre ord berre nokre timar før eg kunne gå heim å legge meg å få min etterlengta søvn.

Det mangla ikkje på flotte gåver...
Dagen etter møtte vi i kyrkja atter ein gong for å hedre det nygifta paret. Heile brylluppet var så gjennomtenkt når det gjeldt stil og fargesamansetningar, og denne dagen var utan unntak. Alle dei 4 brudgommane og brudepikene hadde matchande kjolar som sto i stil til fargane i lokalet, på brudekaka, heftene og blomane. Alt var så nøye planlagt ned til minste detalj og minte meg mykje om eit typisk amerikansk bryllup som ein ser på film. Dagen vart avslutta med lunsj heime hos brudgommen, kor dei også dansa brudevalsen. Eg syntes det var eit flott bryllup, men eg må innrømme at eg føretrekk dei norsk tradisjonane.
Med mi vertsmor og vertssyster i kvar arm
Ut over desse hendingane tilbrakte eg mykje av den siste tida saman med vertsfamilien min. Frå starten av var dei veldig opne og inkluderande, noko som gjorde at eg fort følte meg heime hos dei. Eg fekk inntrykk av at dei var stolte av å kunne presentere meg som deira vertsdotter, noko eg følte eg fekk bekrefta då dei køyrde meg til flyplassen. For av dei 4 jentene som har budd hos dei, er eg den einaste dei har køyrd til flyplassen, og det saman med heile familien! I løpet av dei 2 vekene eg budde hos knytta eg sterke band til desse varme menneska og eg kjenner meg heldig som kan seie at eg har ein ghanesisk familie!

onsdag 25. september 2013

Gullkysten


Det lokale fotballaget i Busua
Eg har vore utan nett den siste veka og difor ikkje fått oppdatert dykk, men det betyr ikkje at eg ikkje har noko å fortelje! Den siste veka har på ingen måte vore utan eventyr og eg har fleire innlegg som ventar på å publisert. I første omgang vil eg fortelje om korleis den siste veka mi i Ghana starta. Eg kan love dykk at eg har endå meir på lur, men dette får halde for dette innlegget. God fornøyelse!

Klar for å bli surfeprinsesse!
Frå mandag til fredag i forrige veke var eg i Busua, ein liten landsby på vest kysten av Ghana. Atmosfæren her var avslappa samanlikna med travle Accra og det passa meg utmerka då eg tross alt reiste for å få litt feriekjensle. Eg reiste saman med Thomas, ein surfefanatikar som eg jobba med i AgriPro, og gjett kva eg prøvde for første gong? Surfing! Det fallt veldig i smak og det gjekk ikkje lenge før eg klarte å stå på brettet. Å surfe ute i dei store bølgene er derimot ein heilt anna sak og eg fekk fleire gongar bank av bølgene. Er det ein ting ein forstår når ein surfar, så er det kor mykje krefter vatn har. Det er kroppen min eit bevis på, for no har eg skrubbsår på både bein og knær.

Iam standing!
Den første dagen var det fantastisk ver og eg starta dagen med ein joggetur langs stranda. Eg har aldri heilt forstått kva folk har snakka om når dei skryter av turer langs stranda om morgonen, men då eg fekk prøve det sjølv forstod eg det veldig godt. Kan du se for deg noko betre enn å starte dagen joggande heilt aleine på ei nydeleg strand, med bølgjene som einaste musikk og sola som litt etter litt skrur på sin varme sjarm? Eg synes desse morgonstundene var noko av det beste i løpet av heile dagen og følte meg veldig sprek då eg var gjennomsvett etter mine 5 km (ein svettar vanlegvis etter 5 minutt med fysisk aktivitet her).

Kan du tenkje deg ein finare løpebane?
På tur med Muhammed, ein 6 år gamal gutt som eg lærte korleis ein skulle gje ein klem.

Utanom mine daglege aktivitetar som surfing og jogging, gjekk tida for det meste med til å prate med andre menneske, lese bok og ete god mat. Eg vart blant anna kjend med nokre tyske gutar og saman gjekk vi på tur til ein idyllisk landsby som låg der elvemunningen møter havet. For å komme gjekk vi først nokre kilometarar langs stranda før vi måtte kave oss gjennom jungelen. Medan vi gjekk på tur kom vi over nokre fiskarar og dei viste stolt fram dagens fangst. Det var ikkje ringare enn ein sverdfisk og ein hai! 
Mine tidlegare symjekameratar?

Då eg åt om kvelden la eg merke til ein middelaldrande europear som sat ved bordet ved sida av meg. Innehavaren av restuaranten oppførte seg som om han var ein veldig viktig person og nyfiken som eg er tok eg kontakt. Det viste seg at mannen budde i Busua og dreiv med gruvedrift. Først tenkte eg ikkje noko meir over det, men etter å ha vorte litt nærmare kjent kom det fram at han held på med utvinning av gull. Europearen fortalte meg ivrig om sine metodar. Først hentar dei eit bestemt jordsmonn og vaskar det over eit teppe. Sidan gull er eit av dei tyngste metalla, fell dette ned i teppet, medan stein og sand vert vaska bort. Deretter må dei rense teppet for gullstøv og då er det viktig å følje nøye med slik at arbeidarane ikkje får sjansen til å stjele. Slik held dei på ein heil dag og gjennomsnittleg resulterer arbeidet i omlag 40 gram gull. Til mi store overrasking hadde han med seg ei kule av ekte gull og eg fekk lov til å kjenne kor tung ho var. Det er første gong eg har holdt rått gull som ikkje har vore smelta saman med andre metall og det var ei underleg kjensle å tenke på kor mykje ei kula som låg i handa mi var verdt. På grunn av dette grunnstoffet, som stammar frå stjernene, har europearane vore interessert i Ghana sidan 1470. Dette er opphavet til landet sitt tidlegare namn; Gullkysten. Det er absurd å tenkje på at gull framleis er ein av Ghana sine største eksportkjelder. Ghana er faktisk mykje rikare enn Noreg når det gjeld tilgong på ressursar som gull og olje, det er berre så synd at fordelinga av inntektene ikkje kan samanliknast med vår velfungerande politikk.

Slik ser ei ekte gullkule ut


mandag 16. september 2013

Accra Green Market

Heile AgriPro-teamet strålande nøgd med marknaden!
 Den siste månaden har eg jobba i eit ghanesisk selskap kalla AgriPro. Mitt prosjektområde har i all hovudsak vore å arrangere den organiske marknaden Accra Green Market. Oppgåvene har stått i kø under forberedelsane, og arbeidet har bydd på både frustrasjon og heldigvis endå meir glede. Eg har hatt ansvaret for kontakt med ministrar, ambassadar, promotering og opplegget for sjølve dagen. På laurdagen var endeleg den store dagen komen, og vi kunne stolt presentere den første organiske marknaden i Ghana!
Ei spent jente på kontoret før marknaden starta
På marknaden kunne ein få kjøpt alt frå organisk frukt og grønsaker, til naturlege hud- og hårpleieprodukt laga av kokos og sheasmør. I tillegg til dette var det mange andre spanande boder og alle hadde til felles at dei berre tilbudte lokalt produserte varer. Eg benytta sjølvsagt høvet til å handle med meg nokre fine (og nyttige) suvenirar heim.
Det einaste biletet eg klarte å ta av sjølve marknaden i løpet av dagen. Travelt!

På marknaden hadde vi stelt i stand eit eige område spesielt tilrettelagt for born. Der var det ulike spel, gjetteleikar, hoppeslott og ansiktsmaling. Eg heldt sjølvsagt til i dette området og fekk mange fans i løpet av dagen. Å gjette kor mykje godteri det var i ein boks og ansiktsmaling var kanskje dei to mest populære aktivitetane. Då eg gav meg for dagen spurte dei om eg ikkje kunne komme att i dagen etter. Det var veldig kjekk respons å få etter så mykje arbeid!
Saman med ei av jentene eg ansiktsmalte

Mitt andre store prosjekt for dagen var å arrangere dansekonkurransar. Til dei andre i gruppa si store forundring hadde eg på førehand fått tak i nokre gåvekort frå restaurantar i nærområdet, og desse vart no delt ut til den beste dansaren i kvar konkurranse. Eg hadde ikkje forventa å få med meg så mange born og ikkje minst at dei skulle vere så lite sjenerte. Den minste deltakaren var 2 år og den eldste 13 år, og ingen av dei hadde problem med å stå framføre publikum og danse. I staden for å gøyme seg bort, improviserte dei seg gjennom fengande songar med ei rytmeforståing utan like. Du kan tru eg vart imponert!
Eg og alle borna som deltok i dansekonkurransen. Kjempestas!

Det var ikkje berre eg som gjekk smilande heim frå marknaden den kvelden, men heile teamet var storfornøgd med gjennomføringa. I dag skal vi møtast for ei evaluering av marknaden og etterpå starter allereie planlegginga av neste Accra Green Market. Eg takkar derimot for meg og dreg på surfeferie nokre dagar, før eg vender tilbake til mi siste helg i Ghana komande helg. No har eg berre litt over ei veke igjen her nede – det er rart å tenkje på!

Eg ynskjer de ei fin start på ei ny veke :)  

søndag 15. september 2013

This is Accra

På Usher fort i James Town


Forrige fredag drog eg og Kirsten, ho eg bur i vertsfamilie med, til eit av dei fattigare strøka av Accra. I guideboka sto det at ein ikkje har vore i Accra før ein har vore der, og då kunne vi ikkje gjere anna enn å dra dit. Opprinneleg var det i denne bydelen, kalla James Town, at slavehandelen fann stad. Både atmosfæren og dei falleferdige forta vitna om at denne historiske bakgrunnen framleis prega bydelen. Menneska såg litt mistenksomt på oss kvite og vi fekk ikkje like mange hyggelege kommentarar som «ha ein fin dag» slengt etter oss, som vi er vant til. Sjølv om atmosfæren ikkje var like hyggeleg som der vi vanlegvis vankar, følte eg meg ikkje på noko tidspunkt trua. Eg vart i staden sjokkert av alt søppelet som velta ut frå butikkar og ned over stranda. Eg har tidlegare snakka med ghanesarar om søppelproblematikken i landet, og dei hevdar at det handlar om uvit. Dersom det er tilfelle, er James Town den staden med flest uvitande menneske eg har vore på i heile mitt liv.
Ved fyrtårnet 

Eg og Kirsten 
Vi fekk etterkvart selskap av ein lokal mann som tok på seg ansvaret å guide oss rundt i området. Han sørga for at vi fekk komme opp i fyrtårnet med utsikt ut over havet og til min store glede; over heile Accra. Det er første gong eg har sett byen frå fugleperspektiv og no fekk eg verkeleg forståing for kor stor byen er. Eg har høyrd at Accra er den største hovudstaden i vest Afrika, kjelda er ikkje veldig påliteleg, men at det er ein stor by er det i alle fall ikkje tvil om. Her bur det nesten like mange menneske som i heile Noreg og det finnes nesten ikkje anna enn einetasjes hus. Så du kan tenke deg kor langstrakt byen er som rommar alle desse husværa på eit plan.

Slik ser heimane i James Town ut frå fugleperspektiv
Etterpå bevegde vi oss ned til eit fiskarsamfunn ved havet i James Town. Her var det verkeleg fattigsleg og fleire av dei som budde her hadde ikkje klær. Fiskarfamiliane heldt til i skeive skur og levde stort sett av dei gåvene sjøen binger dei. Då vi entra fiskarlandsbyen slo ein sterk stank mot oss. Det er ikkje mogleg å beskrive luktene som reiv i nasen, men eg kan seie såpass at det lukta verre enn på den eklaste utedo, så då kan du kanskje tenkje deg. Det tok litt tid før eg vart såpass vant til luktene at eg kunne ta til meg alt av inntrykk rundt meg. Det var ei tanke som slo meg medan eg gjekk der i det som føltes ut som ein bosshaug, nemleg kor ufatteleg heldig eg er som er født i Noreg. Eg håper bileta kanskje kan gje de ein smakebit av kor heldige vi er, for som ein seier; «eg trur det ikkje før eg får sjå det». Så her kjem det litt bilete til ettertanke, og dei hugs at dei er teke frå den same verda som vi bur i.
På stranda ved fiskarlandsbyen
Dette lever dei av - fisk i alle variantar. Her ser de bilete frå når dei røyker fisken

Håper de har hatt ei fin helg elles! Mange varme tankar frå Ghana <3  

onsdag 11. september 2013

Kakum nasjonalpark



The Canopy walk
Laurdag ettermiddag forlot vi Cape Coast til fordel for Kakum nasjonalpark. Nasjonalparken ligg ein time køyretur unna og er kanskje den mest turistifiserte staden eg har vore her i Ghana så langt. Det var fleire kvite enn mørkhuda menneske her, og det er uvanleg! Ghanesarar har eit eige namn på dei som er kvite i huden. Dei kallar oss «Obruni», som betyr menneske som kom sjøvegen. Når ein går rundt i gatene høyrer ein stadig vekk folk rope «Obruni» etter ein, og til tider kan det vere ganske slitsomt. I Kakum nasjonalpark var det derimot ingen som ropte dette, for fleirtalet var jo kvite turistar. Årsaken til at det var så mange turistar samla på ein stad er fordi nasjonalparken blant anna husar noko som kallast «the canopy walk». Det er ein opplevelsessti som består av små hengebruer som går mellom dei skyhøge trea i jungelen. Stien er på det meste 40 meter over bakken og herifrå har ein god utsikt både utover nasjonalparken og ned i jungelen.

hengebrua fører oss inn i jungelen
Eg var så heldig at eg fekk ein privat tur etter at dei hadde stengt parken for turistar. På den måten fekk eg nyte «the Canopy walk» i ro og mak utan nokon andre til stades, forutan guiden min. Han tok seg god tid til å fortelje om parken og dyra i den, men i løpet av turen var det berre nokre rotter og fuglar som viste seg for oss. Elefantane, apene og krokodillene som i følge han skulle halde til i parken, såg eg ikkje noko til. Heldigvis har eg fått oppleve alle desse dyreartane i sitt naturlege habitat tidlegare, så skuffelsen var ikkje stor. Eg fekk i staden teke mange fine bilete, og nokre av dei ser de her på bloggen.
nøgd jente som har heile parken for seg sjølv

Om kvelden tok eg, Thomas og Alexander atter ein gong på oss sekkane våre og gjekk inn i jungelen. Saman med oss gjekk ein guide, det er nemleg pålagt å ha guide når ein er i nasjonalparkane her i Ghana, i tillegg til 4 andre turistar. Det begynte å bli mørkt medan vi gjekk og stien vart meir og meir gjengrodd. Grunnen til at vi gjekk inn i jungelen medan dei fleste andre drog heim var at vi var så heldige at vi skulle overnatte i ei trehytte. Hytta var ikkje berre laga av tre, i tillegg var ho var bygd 30 meter over bakken i eit gedigent tre. På trass av ein stiv pris var det ei veldig spanande oppleving.
trehytta vi overnatta i - her var det om å gjere å ikkje gå på toalettet om natta

Etter å ha lagt frå oss tingene våre i hytta gjorde vi oss klar til å gå inn i jungelen for andre gong. Endeleg fekk eg bruk for hodelykta eg fekk låne av Påsan før eg drog frå Noreg, og eg kan skrive under på at den gjorde nytte for seg. Jungelen var bekmørk og himmelen mørk av skyer, så hodelyktene var det einaste lyset vi hadde. Når vi lyste inn i mørket kunne vi av og til sjå gjenskinnet av augene til ville dyr og insekter. På den måten var det lett å oppdage gigantiske edderkoppar, sommarfuglar og antiloper som betrakta oss medan vi gjekk gjennom buskaset. For det var verkeleg eit buskas av trær, røtter og blader vi måtte klatre over eller krype under for å komme oss fram. Guiden valgte med andre ord ikkje den lettaste vegen. Det var eigentleg ganske bra, for då fekk vi erfare korleis det verkeleg er å ta seg fram i jungelen. Medan vi gjekk der begynte vi ein etter ein å klø på ulike stader på kroppen og då vi lyste på kvarandre for å sjå kva det var, viste det seg at det var gigantiske mauraktige insekt. Alexander var så uheldig å få eit innsekt inn i øyre og han måtte på sjukehuset på mandag for å få det ut. Eg orker nesten ikkje tenke på kor ubehageleg det må vere å kjenne eit stort insekt krype rundt i øret.

det var godt å ha noko å halde seg fast i når hengebrua begynte å svaie
Turen i jugelen var veldig spanande, men eg er glad for at vi hadde ein som kjente vegane ut og inn. Ikkje berre fekk han oss trygt tilbake, men han visste også kor han skulle leite for å vise oss skorpionar og andre dyr. Då vi kom tilbake til trehytta var alle våte av svette. I jungelen er det så fuktig, at berre litt fysisk aktivitet gjer at ein svettar som i ei badstu. Kvelden vart avslutta med hyggelege historier inne i hytta, før eg sovna som ein stein til summing og andre lydar frå dyra i jungelen.


Eg håper de synes det var kjekt å følje med på reisen inn i jungelen. No er eg for lengst tilbake i Accra og held på å jobbe med marknaden som finn stad på laurdag. Det blir spanande å sjå resultatet! 

Eg ynskjer de alle ein riktig fin dag! 






tirsdag 10. september 2013

To sider av same sak

Vi fekk servert vin og god mat hos ambassadøren

 Heilt sidan eg kom til Ghana har eg levd, åte og jobba som ein vanleg ghanesar. Det har ført til både glede og frustrasjon, men viktigast av alt har det gjeve meg ei forståing av korleis det verkeleg er å bu her. Eg har inntrykk av at for ghanesarar er det ikkje kor mykje ein har eller gjer som tel, men kva glede det gir deg personleg som er viktig. Som ein ghanesar sa; du kan gjere alt du vil, berre ikkje på same tid. Denne innsikta føler eg kanskje er den viktigaste bagasjen eg kjem til å ha med meg heim til Noreg.  
Det kvite huset i midten av biletet er min nye heim

Grunnen til at eg tek opp dette er fordi eg fekk oppleve to heilt ulike sider av Ghana i går. Eg har nemleg flytta til ein vertsfamilie som bur i eit mindre fint strøk her i Accra. Nabolaget er fullpakka av små skur og murhus, og det er menneske i gatene til alle døgnes tider. Det er ingen ordentleg gate mellom husa og rommet vi har er veldig enkelt. Likevel trives eg kjempegodt! Familien er veldig hyggeleg og eg ser på dette som ein ypperleg moglegheit til å komme endå tettare inn på det ekste ghanesiske levesettet. Eg er så utruleg takknemleg for at eg får bu hos dei og ikkje minst for at dei har teke så godt i mot meg. Dei har allereie invitert meg til eit ekte ghanesisk bryllupp! Brylluppet finn stad siste helga før eg drar, så det blir ei fin markering av noko nytt for brudeparet og ei avslutning for meg i Ghana. Eg kan nesten ikkje vente!

Eg nyter min første kaffi i Ghana på gårsdagens valgvake
Etter å ha brukt nokre timar på å bli kjent med min nye vertsfamilie drog eg på valgvake hos den norske ambassadøren. Då eg gjekk gjennom den bevokta porten slo det meg kor lukseriøst det var. Moderne hus, badebasseng i hagen, eigne servitørar – alt sto sånn i kontrast til kva som befinn seg utanfor porten. For meg var det nesten eit lite sjokk å komme frå eit så enkelt liv til noko som var så flott. Eg følte meg litt utilpass når nokon serverte meg og rydda opp etter meg, som om eg følte at eg eigentleg var ein av desse arbeidarane. Då eg prata med dei andre norske som bur her gjekk det opp for meg at dei har eit heilt anna inntrykk av landet enn kva eg har fått. Dei et norsk mat, har privat sjåfør og lever på mange måtar i ein heilt anna verd. På trass av all velstanden dei har er eg umåteleg glad for at eg får oppleve Ghana på den måten eg gjer. Eg føler at eg kjem tett på den allmenne ghanesar og får oppleve sider av landet som dei aldri vil kunne forestille seg. Det er ei erfaring eg aldri ville vore forutan.

Ambassadøren sin heim står veldig i kontrast til min

I går lovde eg å fortelje resten av helga sine begivenheiter, men eg trur dessverre eg sluttar her for i dag. Eg skal heller fortelje viare i morgon. I mellomtida kan de kanskje tenke over det eg har skreve ovanfor. Av alt det de har i livet dykkar, kva er det eigentleg som gjer deg glad? Er det den nye genseren du nettopp kjøpte, dei ti par skoa som står i skapet og ventar på å bli brukt, menneska du deler dine sorger og gleder med eller den vesle meldinga kjærasten din sender deg når du minst ventar det? Svaret på spørsmålet ovanfor er det berre du som kan svare på. Eg vil berre oppfordre deg til å setje pris på det og dei som betyr noko for deg.

Ha ein fin dag!

mandag 9. september 2013

Med hjartet i halsen...

Fortet låg strategisk plassert rett ved stranda, slik at slavane ubemerka kunne fraktast ut til skipa. 


 Helga som var viste seg å bli litt annleis enn eg hadde forestilt meg. Cape Cost kunne by på mange fine opplevingar og nokre ikkje fullt så fine.

På fortet som Obama besøkte i 2009

Først besøkte eit gammalt fort frå kolonitida og fekk sjå kor fælt slavane her vart behandla. Over 100 menneske vart oppbevart i små hvelv og den einaste lyskilda var ei trang opning øverst på veggen. Her kunne dei vere fanga i opptil 3 månedar, før dei vart frakta til Amerika som ein del av trekanthandelen. Dersom dei prøvde å røyme vart dei sendt til eit rom utan lys og vatn for å dø. Det var med andre sterke bilete som dukka opp i hovudet mitt medan vi gjekk omkring på fortet. Eg tenkte for meg sjølv at nokre gonger er det kanskje greit at veggar ikkje kan snakke, for dei historiene som ville blitt fortalt her ville vore dei verste mareritta du kan tenkje deg.

På veg inn i rommet kor slavene vart heldt fanga
Etterpå såg vi på ein parade som vart arrangert i forbindelse med eit karneval. Det var menneske i alle moglege kostymer, og alle dansa og song. Fleire religiøse ritual vart utført i løpet av paraden, blant anna måtte omlag 10 unge jenter bære blytunge benkar på hovudet gjennom heile paraden. Sola var intens og mange av dei var nesten bevisstlause der dei gjekk vaklande. Fleire av dei måtte ha menn som støtta dei for at dei skulle klare å gå i det heile. Eg syntes det var fælt å sjå på dei unge jentene slite og fekk ei kjensle av at dette ikkje høyrde til notida. Midt i dette kaoset av festkledde og berusa mennekse vart eg fråstjåle passet mitt. Eg var oppmerksam på faren for lommetyvar og heldt på veska mi heile tida, forutan ein gong då eg skulle ta bilete. Tjuvane må ha vore lynraske, for passet var det einaste som var borte frå veska mi. Alle pengane mine låg der framleis, så dei har nok trudd at det var lommeboka mi og ikkje passet mitt dei stjal. Tjuvegodset har med andre ord ikkje nokon nytte for tyven, men medfører berre mykje ekstra stress for meg...kjedeleg!


Bilete av paraden. Under parasollane sit viktige personar frå den lokale stammen. 

Då vi skulle komme oss ut frå kaoset fekk vi erfare nok ei rystande oppleving. Medan vi sat i taxien var det nemleg nokre ungdommar som dunka borti bilen og kasta vatn etter den. Den spinkle sjåføren vår gjekk ut av bilen og begynte å kjefte på dei, då fleire ungdommar kom til. Dei begynte å rope og dytte kvarandre. Det var då vi forstod vi at dette ikkje kunne ende godt. Ein liten mann mot omlag 10 berusa ungdommar, det er nesten som David og Goliat. Kva utfallet ville bli turte vi ikkje å tenke på, for som ein seier her; alt kan skje i Afrika. Vi valde derfor i hu og hast å forlate taxien og komme oss bort derifrå så fort som mogleg. Fleire prøvde å stoppe oss då vi gjekk ut av bilen, men vi skøyv dei bort og sprang vekk. Då vi kom til ein tryggare stad stoppa vi opp og snakka om det vi akkurat hadde opplevd. Pulsen var framleis høg og vi var alle einige om at vi ikkje ville vere eit sekund lenger i byen akkurat då.

Så no har det høyrd litt om eventyret vi hadde på laurdagen. Helga bestod derimot av fleire andre langt hyggelegare opplevingar som eg vil fortelje om i morgon. I mellomtida skal eg på valgvake på den norske ambassaden i kveld, det blir spanande!

Eg ynskjer dykk alle eit godt val og ein fortsatt fin dag :)




fredag 6. september 2013

Ein lattermild start på dagen





Beklager ei litt sein oppdatering, eg har hatt det så travelt i dag. Dagen begynte allereie i grålysninga. Eg og to andre jenter sto opp tidleg for å dra til «Shai hills», eit fjellområde kor Shai-stammen har budd i fleire tusen år. Stammen vart utrydda for omlag 100 år sidan, men ein kan framleis sjå grottene dei budde i.

Det var meininga at vi skulle bli henta utanfor huset klokka seks, men då det hadde gått 20 minutt hadde vi enno ikkje sett snurten av sjåføren. Vi ringte han for å høyre om han var langt unna og til min store fortvilelse svarte han at han trengte ein time til. Vi sukka stille for oss sjølv. Vi som hadde stått opp halv seks for å verte klar! Eg sa til meg sjølv at eg ikkje burde forventa noko anna, her lever ein trass alt etter ghanatid (alt skjer minst ein time etter det planlagte tidspunktet). Vi skulle akkurat til å gå inn i huset igjen då vi høyrde eit «tut» bak oss. Då vi snudde oss såg vi ein pickup komme susande ned vegen. Trur du ikkje det var sjåføren som satt inni med eit stort smil om munnen! Du kan tru vi vart positivt overraska. Det vart det eg kallar ein lattermild start på dagen!

Trekløveren på tur! Til venstre er Giulia frå Italia og til høgre står Kirsten frå Tyskland.
Shai hills er eit fjellområde som består av haugar på mellom 100 og 200 moh. Sjølv om det ikkje er spesielt høgt, har ein fantastisk utsikt over savannene frå toppane. For å komme oss til foten av fjellet hadde vi ein privat sjåfør for dagen. Til min store glede fekk vi sitje på taket av pickupen og hadde god utsikt derifrå. Vel framme klatra vi opp til Shaistammen sine tidlegare utkikkspunkt og deretter gjekk vi i grottene deira. Der hadde dei oppbevart tinga sine sjult for fiendar og vi kunne framleis sjå teikn til høvdingen sitt sete. Det einaste teikn til liv inni grottene var eit dyr som reagerte på at eg tok bilete. For med ein gong blitsen gjekk høyrdes det ut som himmelen opna seg, men i staden for at det kom regn vart hula fyllt med flaggermus. Tidlegare har eg berre sett eit par flaggermus om gongen, så det var overveldande når eg plutseleg forstod at eg var omringa av hundrevis av flaggermus.

trang passasje inn i grotta til flaggermusene

I kveld har eg vore å sett på kvalifiseringskampen til FIFA mellom Zambia og Ghana. Det var ein svært livleg opplevelse – menneska her er så engasjerte! Sjølv om vi såg kampen i ein bar, var stemninga akkurat som på kamp heime i Noreg. Folk hoia og ropte over den minste taklinga. Det kan tenkast at resultatet spelte inn på humøret til tilskodarane. Ghana vant tross alt, til alle sin store glede :)
Det er ikkje berre mennesker som liker å ferdast i Shai hills

I morgen drar eg på tur til Cape Coast, som ligg omlag 3 timar herifrå. Det blir arrangert karneval der i helga, så det blir spanande å sjå korleis det utartar seg her. Eg gler meg til å reise, men no må eg nesten legge meg for å bli opplagt til det som ventar meg i morgon.

God helg, fine menneske!  

torsdag 5. september 2013

Bæ, bæ lille lam


Bilete av ein fargerik marknad

God formiddag!

No er eg akkurat komt på jobb og ein ny dag med planlegging og organisering ligg framføre meg. Det er berre litt over ei veke til marknaden vi skal arrangere og det er mange ting som må på plass før den tid. Heldigvis har vi fått betra organiseringa og ikkje minst senka forventningane, noko som gjer prosjektet lettare å jobbe med. Eg har ansvar for promotering og programmet for sjølve dagen. Eg skal rett å slett sørge for at dette er ei hending folk ikkje kjem til å gløyme, verken i forkant eller etterkant av sjølve marknaden.

Utanfor den eldste moskeen i Ghana frå 1300 talet
Her om dagen var vi på ein fabrikk som laga alt mogleg av lær. Eg fekk laga noko til min kjære Johannes som eg trur han kan få bruk for. Kva det er vil eg ikkje røpe, men er trur nok det er noko som fell i smak. Medan vi venta på at denne gåva skulle verte ferdig, snakka eg litt med dattera til innehavaren. Eg trur ho var omlag 4 år gammal og ho var så søt! Store mørke auge og eit sjenert smil som kan smelte alle. Personleg synes eg born her nede er heilt nydelege og eg har fleire gongar tenkt at dersom eg nokon gong skal adoptere hadde det ikkje vore uaktuelt med eit afrikansk born. I byrjinga sto den vesle jenta berre å smugtitta på meg bak faren sin rygg, men etterkvart var ho ikkje så blyg og vi fann på vår eigen leik. Leiken gjekk ut på at eg song ei strofe av ein song på norsk og så gjentok ho meg. Først lærte eg ho «bæ, bæ lille lam» og eg vart overraska over kor godt ho kopierte det eg song. Det var nesten som ho kunne snakke norsk. Denne erfaringa gjorde at eg forstod kvifor born har så lett for å lære seg dialekter, dei er så flinke til å høyre tonefall og lydar!
Eg lærte den vesle jenta å synge på norsk og å lage ulike lydar med munnen

No skal eg komme meg tilbake til arbeidsoppgåvene mine. Eg håper de har det fint der heime og at verda viser seg frå si beste side. Hugs: smiler du til verda, smiler verda til deg!


onsdag 4. september 2013

Safari


Ein av dei små landsbyane vi køyrde forbi

I går begynte eg å fortelje om det eg opplevde i helga, men eg vart aldri ferdig. Så no tenkte eg skulle dele resten av helga sine eventyr med dykk!

På laurdag kveld vart vi køyrd av vår private sjåfør (det stemmer, vi leigde ein sjåfør som køyrde oss rundt heile helga) til Mole nasjonalpark. Parken ligg snaue 3 timer unna byen, noko som kan vere lenge nok når landevegane er så humpete som her i Ghana. Det er nesten ei oppleving i seg sjølv å køyre på dei brune sandvegane som snirklar seg mellom stråhytter og ulent terreng. Etter kvart begynte det å mørkne og stemninga vart med eitt litt skummel. Eit par helger før oss hadde nokon vi kjenner køyrd same ruta då dei hadde fått motorstopp langs vegen og måtte skubbe bilen i nærmare 1 time før eit nytt køyretøy endeleg hadde dukka opp. Med denne historia i bakhovudet satt vi stille i bilen og ynskja at vi kom trygt fram. Vi hadde hellet med oss og kunne nyte ei fredeleg natt på Mole motell midt inne i nasjonalparken.

Ei nøgd jente i nasjonalparken

Då eg skulle pusse tennene om kvelden gjekk eg ut på terassen og møtte nokre andre europearar. Vi delte erfaringar og eg fekk mange nyttige reisetips. Medan vi sto der fekk vi plutseleg auge på det fantastiske stjerneteppet som bredte seg ut over oss. Stjernene skinte som diamantar på den skyfrie himmelen og opplevinga vart forsterka av dei bekmørke omgjevnadane og lydane frå insekter som bakgrunnsmusikk. Saman med dei andre klatra vi opp på taket, la oss ned og naut universet sitt skattkammer. Vi var alle einige om ein ting; dette var den finaste stjernehimmelen vi nokon gong hadde sett.

In the jungle

Tidleg neste morgon sto eg opp før sola og gjekk inn i den tåkelagte jungelen samman med ei lita gruppe. Grunnen til at vi var i nasjonalparken var for å sjå elefantar og dette var det beste tidspunktet. Roleg gjekk vi gjennom buskas og skog, og heldt heile tida augene opne for elefantspor eller mistenkelege lydar. Vi såg alt frå villsvin til antiloper, men då turen nærma seg slutten hadde vi enno ikkje sett noko teikn til ein elefant. Då vi stod ved ein liten innsjø fekk vi auge på ein krokodille som sneik seg ned i vatnet. Sjølv om eg hadde sett krokodiller dagen før var det ei heilt anna kjensle å sjå ein vill krokodille i sitt eige territorie. Eg kunne jo trass alt ikkje vite om den hadde spist noko dei siste dagane eller om den var på rovjakt.

Store elefantar

Etter ein del bilete kalla guiden oss til seg og erklærte at det var på tide å gå tilbake til motellet. Skuffelsen over å ikkje ha sett ein elefant var ikkje til å legge sjul på, men vi måtte berre finne oss i at vi ikkje hadde hatt hellet med oss. Eg var den første til å ta fatt på vegen tilbake og då eg runda eit kratt dukka plutseleg to mørke skikkelsar opp nokre meter framføre meg. Eg stivna til ein augneblink før eg klarte å vinke dei andre bort til meg. Elefantane var litt over 4 meter høge og nesten majestetiske der dei stod og iakttok oss. Eg skynde meg å finne fram kameraet og tok nokre bilete før dei store dyra sakte forsvann ned i vatnet for å ta seg eit bad. Det føltes ut som vi hadde leika gøymsel med elefantane og til slutt oppdaga gøymestaden deira. For eit kick det var!



Så no har de høyrd historia om korleis eg leika gøymsel med elefantane. Eg håper beskrivelsane mine gjer at de klarer å sjå det for dykk. Viss ikkje har eg berre ein ting å seie; dra på elefantsafari!

Ha ein flott kveld mine vener <3

Klem  

tirsdag 3. september 2013

For ei helg!



 Mitt første møte med ein krokodille

 Ghana har mykje å by på og denne helga synest eg landet viste seg frå si beste side så langt. Eg har mykje å fortelje så eg kan like gjerne starte frå byrjinga. God fornøyelse :)

heile gjengen på tur i nydeleg afrikansk natur

På fredag skulle vi ta nattbussen frå «Circle», den mest kaotiske møteplassen du kan tenkje deg. Staden fungerer som eit stort vegkryss for bussar, tog og tro-tro, i tillegg til at det er ein marknad der ein kan få tak i alt mellom himmel og jord. Når ein går igjennom Cercle kan ein forvente å sjå det uforventa, og det riv i nasen når ein passerer boder med fisk, sauehovud og det som verre er. Her er det alltid fullt av folk, bilar og støy. Det er kanskje den plassen i Ghana kor ein bør passe ekstra godt på eigendelane sine. Ein av dei eg drog med hengte handkledet utanpå sekken for at det skulle tørke medan vi gjekk, og då vi kom fram til bussen var det borte. Litt etter kom det ei dame bort som ville selje oss nokre handkle og vi spøkte med at han no måtte kjøpe tilbake sitt gamle handkle.

Bussturen til Tamale tok omlag 12 timar, med i VIP buss med behaglege seter og god plass var det heilt overkommeleg. Delar av vegen måtte vi ha politieskorte, då det var fare for at bussen kunne verte robba av røvarar i eit litt utrygt område. Vi kom oss heldigvis heilskinna fram og måtte pakke opp pengar vi hadde gøymd på dei merkelegaste stader i tilfelle vi skulle verte angrepe.

Ulv i fåreskinn - eller kanskje er det omvendt?

Den første dagen drog vi til Paga i nord for å besøke ein krokodillefarm. Då vi ankom låg det tre krokodiller og solte seg ved kanten av ein liten innsjø. Dei lokale fortalte at den eine krokodillen var heile 90 år gammal og aldri hadde gjort eit menneske noko fortred! Vi valde å ta bilete med denne og eg må seie at på trass av sitt gode rykte må krokodillen ha vore ein flink skodespelar. For på bilete opnar den munnen og ser på kameraet med vilt blikk, medan den i røyndommen låg heilt roleg og berre snudde litt på seg når vi lo. For å vere på den sikre sida gav vi den likevel ein kylling, sånn at sulten hans ikkje ta over besinnelsen. Ein skulle nesten tru den 90 år gamle krokodillen var nøgd med sitt yrke som modell for turistar.

Bilete av venegjengen

Etter å ha besøkt krokodillene drog vi til ein gammal slavelandsby som vart oppretta i 1706. Her budde omlag 80 slavar av begge kjønn til ei kvar tid, og ein kunne framleis sjå djupe spor etter leiren som var avslutta for omlag 150 år sidan. Slavane slipte skåler i fjellberget ved hjelp av steinar og det kunne ta fleire veker før ei skål var ferdig. Skålene brukte dei til mat og drikke.

Slavane brukte steinar til å skape musikk for å halde humøret oppe

Det var fleire andre merker etter slavane som ved hjelp av trekanthandelen vart frakta over atlanterhavet. Historiane gjorde sterkt inntrykk på meg og vart veldig realistiske sidan vi befant oss på den eksakt same staden og kunne sjå merkene etter dei. Vi vart fortalt at slavane vart straffa ved at dei blei lenka fast til ein stein på ei open slette og vart tvungen til å sjå på den stikkande sola heile dagen. Vi har sikkert alle sett på sola i nokre sekund, og kjent det svi i augene då vi lukka dei att. Berre sjå for deg kor forferdeleg det må vere å måtte sitje slik dag ut og dag inn i fleire veker! Dersom slavane gjorde teikn til å lukke augene eller sjå i ei anna retning, risikerte dei å få straff som i verste fall kunne bety dødsdom. Vi kunne fremdeles sjå merke etter kjettingane som dei hadde slipt mot steinen medan dei satt der og sjølv om det var 150 år sidan kjente eg eit lite gufs gå igjennom meg då eg satt meg på steinen.

Venstre: Det var over 40 skåler i bakken laga av slavane. Høgre: ein kan sjå teikn etter kjetting på steinen i ankelhøgde. I denne slaveleiren har det sannsynlegvis vorte ofra mykje blod, svette og tårer. 

Eg har enno ikkje fortald om alt som skjedde i helga, men dette får vere nok for dette innlegget. Eg skal i staden fortsette med eventyret og fleire spanande bilete i morgen. Før det ynskjer eg de alle ein strålande dag!