På brua som fører til Togo
Etter å ha gått i 40 minutt opna
vegetasjonen seg og kom vi til ein liten bekk. Utan å tenke noko
meir over det gjekk vi viare rundt ein sving, og plutseleg stod vi
framføre det vakraste vassfallet eg nokon gong har sett. Fallet var
på omlag 25 meter høgt og kom ut frå eit lite hol i vegetasjonen
frå ei klippe. Vatnet fossa ut frå klippa og stupte elegant ned i
det vesle vatnet det skapte under seg. Det var eit vakkert syn og
kanskje ekstra spesielt sidan eg følte at dette var ein uoppdaga
skatt vi hadde heilt for oss sjølv. På trass av at det sto skilt om
at det ikkje var lov til å bade i nasjonalparken, tok eg og nokre
andre oss friheita til å bade i vatnet. Det var heilt fantastisk å
bade etter den lange fjellturen og ikkje minst eksotisk sidan vi var
langt inni jungelen. Når eg no tenker tilbake på det kunne eg
ynskje at eg kunne oppleve det ein gong til, så flott syntes eg det
var.
No begynner eg også å venne meg til
livet her og det gjer det mykje lettare. Maten er ikkje så verst
lenger, og begynner å bli vant til å ikkje føle meg heilt rein
etter at eg har dusja – berre reinare enn eg var før. Håper alt
er bra der heime og at de har komt tilbake til rutinene igjen!

Spennende å følge deg! Noen tips/ønsker til fremtidige innlegg; hva spiser dere, hva er dere engasjert i, kanskje et kart over steder du besøker
SvarSletttakk for innspel! eg held på å skrive eit innlegg om maten her. Neste veke skal eg skrive om prosjektet eg held på med, men kan ikkje skrive alt på ein gong. Det er jo litt kjekt å vente i spenning også? :)
Slett