tirsdag 20. august 2013

Det er betre å stille nokre spørsmål, enn å vite alle svara

Kva er meininga med livet?
Det er eit spørsmål som eg ikkje trur det finst eit enkelt svar på. Eg har heller ikkje tenkt å begje meg ut på ein lang refleksjon om kva som er meininga for meg, men berre nemne at eg trur noko av røyndomen ligg i opplevingar. Opplevingar skapar relasjonar, forståelse og gjer at ein kan setje ting i perspektiv. Det er nettopp av desse årsakane at eg har valgt å dra til Ghana. Her har dei ein heilt anna kultur enn kva eg er vant til, på godt og vondt. Eg både håper og trur at dette opphaldet vil lære meg mykje og ikkje minst skape forståelse for eit heilt nytt samfunn. 

på besøk i ein typisk, afrikansk landsby 

Kva skal eg gjere i Ghana?
Det er derimot eit litt lettare spørsmål å svare på. Eg er i Ghana for å arbeide gjennom organisasjonen AIESEC. I all hovudsak skal eg arbeide med entreprenørskap, men til no har eg berre vore i møte med organisasjonen eg skal arbeide for. Det verkar veldig interessant, så når eg har fått litt meir innsikt i prosjektet skal eg skrive eit innlegg om det.

I løpet av dette eventyret skal eg bu i eit hus saman med andre studentar som arbeider gjennom same organisasjon. Huset ligg i hovudstaden Accra, med omlag 4 millionar menneske. Det er med andre ord den største byen eg nokon gong har budd i! I helgene kjem eg til å reise på opplevelsesturar rundt om i landet. I dag er det faktisk akkurat 5 veker til eg er heime, så eg har allereie mange opplevingar å dele med dykk frå dei dagane eg har vore her. Det er berre til å følge med vidare!
Det er litt av eit kick å sitte på motorsykkel på afrikanske landevegar!

Det er berre til å stille spørsmål dersom det er noko de lurer på. Eg skal prøve å svare så godt eg kan :) 


4 kommentarer:

  1. Så flott at du koser deg <3 rått med motorsykkel da !! Kos fra arendal ps.skal du jobbe med ungdommer ? ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. tusen takk, søte deg <3 ja, det var kjekt på sykkelen, men litt skummelt også siden vegen er så humpete her. Nei, prosjektet handler om organisk mat og vi skal være med å arrangere ein marknad her nede. Det blir veldig spanande:) eg skal skrive eit eiget innlegg om det snart!

      Slett
  2. Lykke til på din nye reise. Håper den gir deg mye, og nye perspektiver på den verden vi alle er en del av.
    Flott at du tar deg tid til å dele dine opplevelser og tanker på denne måten. Spennende og følge deg! Lykke til!

    SvarSlett
    Svar
    1. tusen takk for det, pappa! Kjekt at dåkke følger med:)
      Eg føler allereie at eg har lært mykje og gleder meg til fortsettelsen. Men skal ikkje legge sjul på at eg har funne ut at ordtaket "borte bra men heime best" stemmer godt for min del:)

      Slett