mandag 26. august 2013

Ein liten ferie


 Nyter utsikta frå ein gammal fiskebåt

 I helga drog vi på ferie til Kokrobite, ei strand som ligg omlag ein times køyretur unna Accra. Vi overnatta på eit kult hotel rett ved stranda og for ein gongs skuld gløymde eg at eg var i Afrika. Kanskje var det fordi maten hadde eit litt meir europeisk preg (vi kunne tildømes få servert pasta og gresk salat) eller fordi det i samanlikning med andre stader var mange kvite menneske? Uansett; eg storkoste meg! Atmosfæren på hotellet var veldig avslappa og hyggeleg, men om kveldane var det som alle vakna til liv av rytmisk musikk og sprek underhaldning. Det vart rett og slett som eit lite ferieparadis!

stemningsbilete frå stranda

Eg kunne ikkje forestille meg at strendene her skulle vere så vakre. Forutan litt boss i vatnet, plast finn ein som nevnt over alt her, er strendene overraskande reine. Brusande bølger som skyller inn over dei mjuke sandstrendene, ramma inn av palmer i bakgrunnen – kan du forestille deg noko så vakkert? Hadde det ikkje vore for hygienen her til lands, trur eg dette hadde vore den yppelegaste ferieattraksjonen for nordmenn! For afrikanarane er jo så avslappa og hyggelege, og i kombinasjon med både vakre bade- og surfemoglegheiter kan det ikkje slå feil! Eg nøyt i alle fall dagane på stranda med boka «Politi», fersk ananas og avbrekk med symjing i bølgene.



Første kvelden på hotellet var det kulturell aften og vi fekk servert eit intenst danseshow akkompagnert av heftige trommer. Dansen her kan til tider minne om eit dyrisk spel mellom menn og kvinner. Danse har ein seksuell undertone, men på ein heilt anna måte enn den litt keitete nattklubbdansinga i Noreg. Etterpå var det imponerande akkrobatikk framført av ei lokal gruppe og det mangla i alle fall ikkje på spenst! Dei hoppa rundt om kring og gjorde så mange imponerande triks at eg berre vart ståande å måpe. Til dømes var det ein spenstig gut som så og sei var eit slangemennekse – beina gjekk i alle moglege retningar. Som dansaren eg er tenkte med ein gong at han kunne blitt ein god ballettdansar. Ein blir aldri kvitt heilt auge for detaljer etter å ha dansa ballett; ser eg nokre med fine linjer, unormal turn out eller grasiøse bevegelser ser eg dei for meg som ballettdansar. 
Ei av mange smilande personar på stranda

Etterpå var det vår tur å svinge oss til rytmene og vi lærte den populære dansen «Azonto». Dansen er litt som «makarena» var i Noreg i si tid; alle kan dansen og danser den stadig vekk. «Azonto» sørga i alle fall for at stemninga var på topp og vi dansa oss inn i dei mørke nattetimer ein sommarvarm fredagskveld. Det er i slike stunder eg tenker at livet verkeleg er herleg!

Håper de har hatt ei fin start på veka! Kom gjerne med innspel om kva dykk vil at eg skal fortelje om dei neste dagane :) 

mange klemmer frå Ghana <3 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar