mandag 19. august 2013

Første inntrykk

Nokre seier at ein ikkje kan endre eit første inntrykk, så det blir spanande å sjå om det gjeld for meg også. Mitt første inntrykk av Ghana var at dette var eit annleis, men fasinerande land. Det har utspring i dei første opplevingane mine her, som eg tenkte eg skulle fortelje litt om.

Då eg gjekk ut av flyet vart eg møtt av ein vegg med fuktig, varm luft. Til å vere i eit tropisk område med mykje frodig natur, kan ein nesten ikkje vente noko anna. Flyplassen var relativt velutstyrt, med blant anna ruleband for bagasjen (sjølv om det var personar som sto å løfta bagasjen opp på bandet). Hol i veggar og skitt over alt vitna likevel om at Ghana ikkje er eit vestleg land. At det er skitt over alt er derimot ikkje uvanleg. Eg trur knapt eg har sett eit heilt reint rom sidan eg kom hit. Brune flekkar på veggane og søppel på golvet er ein berre nøydd til å venne seg til.

slik ser det ut i gata eg bur

Det viste det seg at straumen var gått for eit par dagar i huset eg skal bu i. Det er i seg sjølv ganske vanleg her i Afrika, berre synd at det var så dårleg timing. Det er inga røyndom at eg er dårleg til å hugse namn, ansikt festar seg derimot lett i hukommelsen. At eg måtte helse på alle i mørkret, uten å sjå kven eg vart presentert for, kan difor ikkje seiast å være svært gunstig for meg. Eg går framleis å smiler litt til personar som eg ikkje veit om eg har helst på. Det gjer det ikkje noko betre at eg i utgangspunktet ikkje er så lett å skilje alle dei afrikanske som vandrar her. Heldigvis er alle veldig hyggelege når eg spør om namnet deira.

her er eg på tur med ein gjeng frå huset eg bur i 

Den første morgonen starta med ein joggetur i nabolaget, som på mange måtar introduserte meg for det verkelege Afrika. Kvelden før kunne eg som nemnd ikkje sjå omgjevnadane, for når det er mørkt her - då er det verkeleg bekmørkt! I løpet av joggeturen kunne eg blant anna sjå (og lukte) kloakkavløpa ved sida av vegen, dei falleferdige skura langs vegen, søppelet over alt og dei stirrande blikka frå nyfikne ghanesarar. Ein bil med afrikanske arbeidarar stoppa til og med langs vegen for å ta bilete av meg undervegs. I mine svette joggekle følte eg meg ikkje akkurat verdt den paparazzi-jobben.

Eg gleda meg til å ta ein kald og frisk dusj då eg kom tilbake frå joggeturen. Det skulle vise seg å bli ei litt anna oppleving enn forventa. Dusjen her består av ei bøtte med vatn i eit lite rom med stein på golvet. Ein er nøydd til å helle litt og litt vatn frå bøtta over seg, for å spare på vatnet. Her er kvar dråpe verdifull! Det var ein liten tankevekkar for meg, for tenk kor mange bøtter vatn eg vanlegvis bruker på ein dusj heime.

Så no veit de litt meir om mitt første inntrykk av Ghana. Eg gler meg til å fortelje meir om inntrykka eg har fått etter den første dagen. No skal eg ta ein tidleg kveld, så eventyret held fram i morgon. Følg med på reisen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar