fredag 23. august 2013

Min nye kvardag


nøgd etter første dag på jobb

Eg tenkte eg skulle fortelje litt om kvardagen min her i Afrika. For det er berre i helgene eg drar på slike opplevelsesturar som eg har fortalt om, ellers har eg eit ganske «normalt» liv.

Vanlegvis står eg opp rundt 6 og tek ein joggetur med nokre andre frå huset eg bur i. Vi er nøydd til å stå opp så tidlig for at alle skal rekke å dusje og ete før vi må dra på jobb. I byrjinga spiste eg ikkje så mykje til frukost, for det var vanskeleg å finne noko eg likte. Dei lokale et ein slags brun og flyrande grøt til frukost, men det fristar ikkje meg. Ein dag oppdaga eg derimot ei bod like ved som selg kvitt brød med egg. Etter denne oppdagelsen har eg åte dette kvar morgon. Med frukosten i neven tek vi «tro-troen» til arbeid og trafikken er heilt forferdeleg! Ei strekning som i utgangspunktet berre tek 20 minutt med bil, reknar vi med tek 1 time om morgonen.

I vekedagane arbeider eg i eit rådgjevningsfirma som fokuserer på jordbruket i Ghana, kalla Agripro. Målet til organisasjonen er å forbetre jordbruket i Ghana gjennom å linke investorar til bønder. Det er eit veldig interessant prosjekt å jobbe med, då eg får møte mange viktige personlegheiter i Accra sitt næringsliv. Eg er tilsett saman med fire andre utelandske studentar og vi arbeider i hovudsak med å arrangere Ghana sin første økologiske marknad som skal finne stad den 14 september. Det er ein veldig kjekk stad å jobbe, både fordi prosjektet er meiningsfullt og fordi menneska er veldig vennlege. Arbeidsplassen er også ein fin arena for å blir kjent med mange ghanesarar på vår eigen alder, noko eg synes er ekstra kjekt.
Det er allereie mørkt når vi et middag

Vi et varm lunsj i 13 tida, som vanlegvis består av ris i ein eller anna form. Dei har stekt ris, jollof-ris, vanleg kokt ris og sikkert mange andre variantar som eg ikkje har smakt enda. Til risen har eg saus med anten kylling, biff eller grønsaker. Det er ein heilt grei lunsj, men eg må innrømme at er blitt litt lei det. Eg har prøvd andre lokale rettar også, som til dømes «banko». Det er ein rett ein et med fingrane og består av ein komleliknande ball lagd av mais og cassava som ein dyppar i saus. Det er ganske sterke smaker, som alle andre lokale rettar her. Eg må inrømme at «Banko» ikkje er ein favoritt, men alt går i grisen (i alle fall når ein er sulten). Det er litt trist å innrømme det, men det beste måltidet eg har ete her var på ein thairestaurant...




Eg elsker frukta her! 
Til venstre et vi fersk kokosnøtt og til høgre nyt eg min første mango. Nam :)






Det beste eg får i Ghana er frukt. Eg lover dykk; de har ikkje smakt skikkelig banan, mango og ananas før de har vore i Afrika! Frukta smeltar på tunga og er heilt fantastisk. Eg trur eg kunne levd nesten berre på frukta her. Vi har også åte kokosnøtt, som visstnok skal vere veldig sundt. Når ein bestiller frukt på gata kuttar dei det opp for deg og serverer det i små plastikkposar. Ghanesarar har eit enormt forbruk av plastikkposer. Dersom ein bestiller noko å drikke vert det også servert i små plastposar!


No skal vi snart dra frå kontoret og vende nasen mot havet. Vi er 8 personar som skal tilbringe helga på eit hostel rett ved stranda. Eg ser fram til to late dager med bading, sol og lesing. Det betyr derimot at eg ikkje kjem til å skrive nokre nye innlegg på eit par dagar. Eg ynskjer dykk alle ei flott og avslappande helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar