onsdag 21. august 2013

Med utsikt over Afrika

På toppen av Afarjato - det høgaste fjellet i Ghana 

Sist helg drog eg på tur til den austlege regionen av Ghana, saman med ein sju andre studentar eg bur med. Vi brukte det lokale framkomstmiddelet «tro-tro», som i all hovudsak er ein gammal minibuss. Slike bussar finn ein over alt i Ghana og dei er utruleg rimelege. Det kostar til dømes berre 1 cedi, det vil seie 3 norske kroner, for ein busstur på omlag 40 minutt! Men ein betaler for det ein får, så komforten er ikkje den beste i slike «tro-troar». Vi brukte 4 timar på dei humpete vegane til byen Hohoe, men kom til gjengjeld fram til eit realtivt flott og reint hotell. Dersom ein samanliknar det med norsk standard vil eg ikkje seie at hotellet ikkje hadde meir enn 1 stjerne, men vi var svært nøgde sidan vi fekk vårt eige bad med dusj frå taket!

Dagen etter køyrde vi viare inn i på den afrikanske landsbygda. Då fekk eg sjå med eigne auge kor lite som skal til for å gjere menneske lykkelege. Mange budde i små strå- og leirhytter, og borna sprang rundt i berre undertøy. Likevel trur eg at det er dei mest smilande menneska eg nokon gong har møtt. Dei små borna kom springande bort til oss då vi gjekk ut av «tro-troen» og spurte høfleg «how are you?» medan dei smilte frå øyre til øyre. Alle syntes det var stas å ha besøk av kvite og nokre ville til og med ta på den kvite huden min. 

I ein av landsbyane såg eg eit skilt der det sto; «if you can think of everything you have, than you have enough». Det er kanskje satt opp som ei påminning om at det ikkje er kor mykje du har som betyding for kor lykkeleg du er. Eg prøvde å tenke på alle tinga eg har og fann ut at eg sannsynlegvis berre klarte å sjå for meg halvparten av alle klærne eg har i klesskapet mitt heime i Noreg. I følje plakaten har eg med andre ord litt mykje klær...
Det var ein bratt veg å gå opp fjellet

Turen til landsbygda var ikkje heilt uten mål og meining, planen var nemleg at vi skulle gå opp på det høgaste fjellet i Ghana. Det skulle derimot vise seg å verte ei større utfordring enn eg hadde føresett. Fjellet er 885 meter høgt og turen opp består går på ein bratt sti. I fuktig, varm luft kunne det vere tungt for alle og ein kvar. Den eine guten i gjengen eg gjekk med hadde aldri bestege eit fjell før og dette var ikkje akkurat ein lett start. Vi tok fatt på turen med stort mot, men innsåg etterkvart at vi var nøydd til å sette ned tempoet betrakteleg dersom alle skulle klare å gå til toppen. Så med jamne mellomrom hadde vi drikkestopp og tok bilete med ivrige afrikanarar som syntes det var veldig stas å ta bilete med kvite folk. Hadde det ikkje vore for vårt pågangsmot trur eg vi aldri hadde klart det, for dei afrikanarane vi møtte overdreiv alltid avstandane. Til dømes fekk vi beskjed om at vi hadde ein time igjen å gå då vi var ti minutt frå toppen. Omsider kom vi oss opp og ein svert nøgd gjeng kunne juble over å ha bestege det høgaste fjellet i Ghana. La meg seie det slik: utsikta var verkeleg verdt anstrengelsen!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar