fredag 6. september 2013

Ein lattermild start på dagen





Beklager ei litt sein oppdatering, eg har hatt det så travelt i dag. Dagen begynte allereie i grålysninga. Eg og to andre jenter sto opp tidleg for å dra til «Shai hills», eit fjellområde kor Shai-stammen har budd i fleire tusen år. Stammen vart utrydda for omlag 100 år sidan, men ein kan framleis sjå grottene dei budde i.

Det var meininga at vi skulle bli henta utanfor huset klokka seks, men då det hadde gått 20 minutt hadde vi enno ikkje sett snurten av sjåføren. Vi ringte han for å høyre om han var langt unna og til min store fortvilelse svarte han at han trengte ein time til. Vi sukka stille for oss sjølv. Vi som hadde stått opp halv seks for å verte klar! Eg sa til meg sjølv at eg ikkje burde forventa noko anna, her lever ein trass alt etter ghanatid (alt skjer minst ein time etter det planlagte tidspunktet). Vi skulle akkurat til å gå inn i huset igjen då vi høyrde eit «tut» bak oss. Då vi snudde oss såg vi ein pickup komme susande ned vegen. Trur du ikkje det var sjåføren som satt inni med eit stort smil om munnen! Du kan tru vi vart positivt overraska. Det vart det eg kallar ein lattermild start på dagen!

Trekløveren på tur! Til venstre er Giulia frå Italia og til høgre står Kirsten frå Tyskland.
Shai hills er eit fjellområde som består av haugar på mellom 100 og 200 moh. Sjølv om det ikkje er spesielt høgt, har ein fantastisk utsikt over savannene frå toppane. For å komme oss til foten av fjellet hadde vi ein privat sjåfør for dagen. Til min store glede fekk vi sitje på taket av pickupen og hadde god utsikt derifrå. Vel framme klatra vi opp til Shaistammen sine tidlegare utkikkspunkt og deretter gjekk vi i grottene deira. Der hadde dei oppbevart tinga sine sjult for fiendar og vi kunne framleis sjå teikn til høvdingen sitt sete. Det einaste teikn til liv inni grottene var eit dyr som reagerte på at eg tok bilete. For med ein gong blitsen gjekk høyrdes det ut som himmelen opna seg, men i staden for at det kom regn vart hula fyllt med flaggermus. Tidlegare har eg berre sett eit par flaggermus om gongen, så det var overveldande når eg plutseleg forstod at eg var omringa av hundrevis av flaggermus.

trang passasje inn i grotta til flaggermusene

I kveld har eg vore å sett på kvalifiseringskampen til FIFA mellom Zambia og Ghana. Det var ein svært livleg opplevelse – menneska her er så engasjerte! Sjølv om vi såg kampen i ein bar, var stemninga akkurat som på kamp heime i Noreg. Folk hoia og ropte over den minste taklinga. Det kan tenkast at resultatet spelte inn på humøret til tilskodarane. Ghana vant tross alt, til alle sin store glede :)
Det er ikkje berre mennesker som liker å ferdast i Shai hills

I morgen drar eg på tur til Cape Coast, som ligg omlag 3 timar herifrå. Det blir arrangert karneval der i helga, så det blir spanande å sjå korleis det utartar seg her. Eg gler meg til å reise, men no må eg nesten legge meg for å bli opplagt til det som ventar meg i morgon.

God helg, fine menneske!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar