onsdag 4. september 2013

Safari


Ein av dei små landsbyane vi køyrde forbi

I går begynte eg å fortelje om det eg opplevde i helga, men eg vart aldri ferdig. Så no tenkte eg skulle dele resten av helga sine eventyr med dykk!

På laurdag kveld vart vi køyrd av vår private sjåfør (det stemmer, vi leigde ein sjåfør som køyrde oss rundt heile helga) til Mole nasjonalpark. Parken ligg snaue 3 timer unna byen, noko som kan vere lenge nok når landevegane er så humpete som her i Ghana. Det er nesten ei oppleving i seg sjølv å køyre på dei brune sandvegane som snirklar seg mellom stråhytter og ulent terreng. Etter kvart begynte det å mørkne og stemninga vart med eitt litt skummel. Eit par helger før oss hadde nokon vi kjenner køyrd same ruta då dei hadde fått motorstopp langs vegen og måtte skubbe bilen i nærmare 1 time før eit nytt køyretøy endeleg hadde dukka opp. Med denne historia i bakhovudet satt vi stille i bilen og ynskja at vi kom trygt fram. Vi hadde hellet med oss og kunne nyte ei fredeleg natt på Mole motell midt inne i nasjonalparken.

Ei nøgd jente i nasjonalparken

Då eg skulle pusse tennene om kvelden gjekk eg ut på terassen og møtte nokre andre europearar. Vi delte erfaringar og eg fekk mange nyttige reisetips. Medan vi sto der fekk vi plutseleg auge på det fantastiske stjerneteppet som bredte seg ut over oss. Stjernene skinte som diamantar på den skyfrie himmelen og opplevinga vart forsterka av dei bekmørke omgjevnadane og lydane frå insekter som bakgrunnsmusikk. Saman med dei andre klatra vi opp på taket, la oss ned og naut universet sitt skattkammer. Vi var alle einige om ein ting; dette var den finaste stjernehimmelen vi nokon gong hadde sett.

In the jungle

Tidleg neste morgon sto eg opp før sola og gjekk inn i den tåkelagte jungelen samman med ei lita gruppe. Grunnen til at vi var i nasjonalparken var for å sjå elefantar og dette var det beste tidspunktet. Roleg gjekk vi gjennom buskas og skog, og heldt heile tida augene opne for elefantspor eller mistenkelege lydar. Vi såg alt frå villsvin til antiloper, men då turen nærma seg slutten hadde vi enno ikkje sett noko teikn til ein elefant. Då vi stod ved ein liten innsjø fekk vi auge på ein krokodille som sneik seg ned i vatnet. Sjølv om eg hadde sett krokodiller dagen før var det ei heilt anna kjensle å sjå ein vill krokodille i sitt eige territorie. Eg kunne jo trass alt ikkje vite om den hadde spist noko dei siste dagane eller om den var på rovjakt.

Store elefantar

Etter ein del bilete kalla guiden oss til seg og erklærte at det var på tide å gå tilbake til motellet. Skuffelsen over å ikkje ha sett ein elefant var ikkje til å legge sjul på, men vi måtte berre finne oss i at vi ikkje hadde hatt hellet med oss. Eg var den første til å ta fatt på vegen tilbake og då eg runda eit kratt dukka plutseleg to mørke skikkelsar opp nokre meter framføre meg. Eg stivna til ein augneblink før eg klarte å vinke dei andre bort til meg. Elefantane var litt over 4 meter høge og nesten majestetiske der dei stod og iakttok oss. Eg skynde meg å finne fram kameraet og tok nokre bilete før dei store dyra sakte forsvann ned i vatnet for å ta seg eit bad. Det føltes ut som vi hadde leika gøymsel med elefantane og til slutt oppdaga gøymestaden deira. For eit kick det var!



Så no har de høyrd historia om korleis eg leika gøymsel med elefantane. Eg håper beskrivelsane mine gjer at de klarer å sjå det for dykk. Viss ikkje har eg berre ein ting å seie; dra på elefantsafari!

Ha ein flott kveld mine vener <3

Klem  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar