tirsdag 3. september 2013

For ei helg!



 Mitt første møte med ein krokodille

 Ghana har mykje å by på og denne helga synest eg landet viste seg frå si beste side så langt. Eg har mykje å fortelje så eg kan like gjerne starte frå byrjinga. God fornøyelse :)

heile gjengen på tur i nydeleg afrikansk natur

På fredag skulle vi ta nattbussen frå «Circle», den mest kaotiske møteplassen du kan tenkje deg. Staden fungerer som eit stort vegkryss for bussar, tog og tro-tro, i tillegg til at det er ein marknad der ein kan få tak i alt mellom himmel og jord. Når ein går igjennom Cercle kan ein forvente å sjå det uforventa, og det riv i nasen når ein passerer boder med fisk, sauehovud og det som verre er. Her er det alltid fullt av folk, bilar og støy. Det er kanskje den plassen i Ghana kor ein bør passe ekstra godt på eigendelane sine. Ein av dei eg drog med hengte handkledet utanpå sekken for at det skulle tørke medan vi gjekk, og då vi kom fram til bussen var det borte. Litt etter kom det ei dame bort som ville selje oss nokre handkle og vi spøkte med at han no måtte kjøpe tilbake sitt gamle handkle.

Bussturen til Tamale tok omlag 12 timar, med i VIP buss med behaglege seter og god plass var det heilt overkommeleg. Delar av vegen måtte vi ha politieskorte, då det var fare for at bussen kunne verte robba av røvarar i eit litt utrygt område. Vi kom oss heldigvis heilskinna fram og måtte pakke opp pengar vi hadde gøymd på dei merkelegaste stader i tilfelle vi skulle verte angrepe.

Ulv i fåreskinn - eller kanskje er det omvendt?

Den første dagen drog vi til Paga i nord for å besøke ein krokodillefarm. Då vi ankom låg det tre krokodiller og solte seg ved kanten av ein liten innsjø. Dei lokale fortalte at den eine krokodillen var heile 90 år gammal og aldri hadde gjort eit menneske noko fortred! Vi valde å ta bilete med denne og eg må seie at på trass av sitt gode rykte må krokodillen ha vore ein flink skodespelar. For på bilete opnar den munnen og ser på kameraet med vilt blikk, medan den i røyndommen låg heilt roleg og berre snudde litt på seg når vi lo. For å vere på den sikre sida gav vi den likevel ein kylling, sånn at sulten hans ikkje ta over besinnelsen. Ein skulle nesten tru den 90 år gamle krokodillen var nøgd med sitt yrke som modell for turistar.

Bilete av venegjengen

Etter å ha besøkt krokodillene drog vi til ein gammal slavelandsby som vart oppretta i 1706. Her budde omlag 80 slavar av begge kjønn til ei kvar tid, og ein kunne framleis sjå djupe spor etter leiren som var avslutta for omlag 150 år sidan. Slavane slipte skåler i fjellberget ved hjelp av steinar og det kunne ta fleire veker før ei skål var ferdig. Skålene brukte dei til mat og drikke.

Slavane brukte steinar til å skape musikk for å halde humøret oppe

Det var fleire andre merker etter slavane som ved hjelp av trekanthandelen vart frakta over atlanterhavet. Historiane gjorde sterkt inntrykk på meg og vart veldig realistiske sidan vi befant oss på den eksakt same staden og kunne sjå merkene etter dei. Vi vart fortalt at slavane vart straffa ved at dei blei lenka fast til ein stein på ei open slette og vart tvungen til å sjå på den stikkande sola heile dagen. Vi har sikkert alle sett på sola i nokre sekund, og kjent det svi i augene då vi lukka dei att. Berre sjå for deg kor forferdeleg det må vere å måtte sitje slik dag ut og dag inn i fleire veker! Dersom slavane gjorde teikn til å lukke augene eller sjå i ei anna retning, risikerte dei å få straff som i verste fall kunne bety dødsdom. Vi kunne fremdeles sjå merke etter kjettingane som dei hadde slipt mot steinen medan dei satt der og sjølv om det var 150 år sidan kjente eg eit lite gufs gå igjennom meg då eg satt meg på steinen.

Venstre: Det var over 40 skåler i bakken laga av slavane. Høgre: ein kan sjå teikn etter kjetting på steinen i ankelhøgde. I denne slaveleiren har det sannsynlegvis vorte ofra mykje blod, svette og tårer. 

Eg har enno ikkje fortald om alt som skjedde i helga, men dette får vere nok for dette innlegget. Eg skal i staden fortsette med eventyret og fleire spanande bilete i morgen. Før det ynskjer eg de alle ein strålande dag!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar