Bilete av ein fargerik marknad |
God formiddag!
No er eg akkurat komt på jobb og ein
ny dag med planlegging og organisering ligg framføre meg. Det er
berre litt over ei veke til marknaden vi skal arrangere og det er
mange ting som må på plass før den tid. Heldigvis har vi fått
betra organiseringa og ikkje minst senka forventningane, noko som
gjer prosjektet lettare å jobbe med. Eg har ansvar for promotering
og programmet for sjølve dagen. Eg skal rett å slett sørge for at
dette er ei hending folk ikkje kjem til å gløyme, verken i forkant
eller etterkant av sjølve marknaden.
Utanfor den eldste moskeen i Ghana frå 1300 talet |
Her om dagen var vi på ein fabrikk som
laga alt mogleg av lær. Eg fekk laga noko til min kjære Johannes
som eg trur han kan få bruk for. Kva det er vil eg ikkje røpe, men
er trur nok det er noko som fell i smak. Medan vi venta på at denne
gåva skulle verte ferdig, snakka eg litt med dattera til
innehavaren. Eg trur ho var omlag 4 år gammal og ho var så søt!
Store mørke auge og eit sjenert smil som kan smelte alle. Personleg
synes eg born her nede er heilt nydelege og eg har fleire gongar
tenkt at dersom eg nokon gong skal adoptere hadde det ikkje vore
uaktuelt med eit afrikansk born. I byrjinga sto den vesle jenta berre
å smugtitta på meg bak faren sin rygg, men etterkvart var ho ikkje
så blyg og vi fann på vår eigen leik. Leiken gjekk ut på at eg
song ei strofe av ein song på norsk og så gjentok ho meg. Først
lærte eg ho «bæ, bæ lille lam» og eg vart overraska over kor
godt ho kopierte det eg song. Det var nesten som ho kunne snakke
norsk. Denne erfaringa gjorde at eg forstod kvifor born har så lett
for å lære seg dialekter, dei er så flinke til å høyre tonefall
og lydar!
Eg lærte den vesle jenta å synge på norsk og å lage ulike lydar med munnen |
No skal eg komme meg tilbake til
arbeidsoppgåvene mine. Eg håper de har det fint der heime og at
verda viser seg frå si beste side. Hugs: smiler du til verda, smiler
verda til deg!
Nydelig kjole! Er den fra Ghana? Synes du er blitt slankere jeg?
SvarSlett